Hopp til innhold
X
Innhald

Gloppen Kloggfabrikk

Gloppen Kloggfabrikk vart grunnlagt på Ryggøyra i 1932 av Alf og Bjarne Rygg. Verksemda hadde åtte tilsette. Kloggfabrikken vart driven til slutten av 1950-talet.

Sidan dreiv dei to leigesaging på sagbruket sitt. Alf Rygg starta i 1950 landhandel like ved sida av fabrikken. Denne vart på folkemunne kalla Kloggenbutikken. Butikken vart lagd ned i 1964.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.10.2009