Hopp til innhold
X
Innhald

Gloppens Sparebank

Sparebanken Sogn og Fjordane på Sandane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sparebanken Sogn og Fjordane på Sandane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gloppens Sparebank vart grunnlagt i 1882. Alt i 1845 hadde sokneprest Jørgen Meier Heffermehl gjort ein mislukka freistnad på å få kommunestyret til å gå med på skiping av ein sparebank i kommunen. Banken hadde den første tida berre ope kvar laurdag mellom klokka 13 og 19.

På dette biletet frå tidleg på 1960-talet ser vi det gamle bankhuset frå 1893 til venstre og den då nybygde bankbygningen til høgre.

På dette biletet frå tidleg på 1960-talet ser vi det gamle bankhuset frå 1893 til venstre og den då nybygde bankbygningen til høgre.

Kasseraren, lærar Endre Henden, heldt fritt hus til banken heime hjå seg dei første ti åra, og for det skulle årsløna hans på 52 kroner halde til både lys og varme.

Sparebanken fekk 33 innskytarar ved opninga, og renta var seks prosent på utlån og fem prosent på innskot.

I 1893 bygde Sparebanken eige bankbygg på Holvikgarden på Sandane. Dette vart avløyst på 1960-talet av nybygget som framleis er i bruk.

Gloppens Sparebank gjekk inn i Sparebanken Sogn og Fjordane då denne vart skipa i 1988.

På Byrkjelo er det sparebankfilial i forretningsbygget til Nils Moldestad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På Byrkjelo er det sparebankfilial i forretningsbygget til Nils Moldestad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.01.2011