Hopp til innhold
X
Innhald

Gordon Hotell

Gordon Hotel på Rebakken. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gordon Hotel på Rebakken. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gordon Hotel på Rebakken vart bygd i 1884 av Elias Reed. Han var son til gjestgjevaren Johannes Larsson Reed som hadde bygd det første hotellet på Reed, Victory, ein gong på 1850-talet.

Ei tid dreiv Gordon Hotel også passasjerbåten ”Gordon” på Breimsvatnet. Hotellet har vore drive av same slekta sidan starten. Det heitte ei tid Gordon Gjestetun, drive av ekteparet Liv Nakken Førde og Hans Førde. Sidan har verksemda teke tilbake det gamle namnet Gordon Hotel.

I 2010 vart drifta av hotellet lagd ned.

– Les elles meir om gjestiveri og overnatting på den gamle skysstasjonen Rebakken i artikkelen: Gjestgiveri og handel på Reed.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.03.2010