Hopp til innhold
X
Innhald

Gravfeltet på Vereide

Gravhaugar på Vereide, med Nordfjord Folkehøgskule i bakgrunnen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gravhaugar på Vereide, med Nordfjord Folkehøgskule i bakgrunnen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Få stader i landet ligg dei gamle gravhaugane tettare enn på nordsida av Gloppefjorden, særleg på Vereide. I gravfeltet på Vereide er det registrert nær 200 gravminne som daterer seg frå siste del av bronsealderen og eldre jernalder.

Del av smykke som vart funne på Vereide. Foto: Arild Nybø, NRK.

Del av smykke som vart funne på Vereide. Foto: Arild Nybø, NRK.

I samband med omlegginga av E39 frå Sandane til ferjeleiet på Anda vart det frå 1990 til 1995 gjennomført store registreringar og utgraving av fornminne på den aktuelle strekninga. Dei fleste gravene ligg på den tidlegare prestegarden på den store terassen like over Vereide kyrkje. Dei fleste gravene er låge, men 12 haugar har eit tverrmål på frå 12 til 25 meter. I desse haugane har ein gjort sparsame funn, men likevel nok til at ein kan datere dei til tusenåret før Kr.f. – ein periode som ein har få merke etter elles på Vestlandet.

Gullsmykke i kvinnegrav

Like ved Vereide skule vart det avdekka ein gravhaug med tverrmål på 13 meter og halvannan meter høg. Haugen var markert rundt kanten med større steinar. I haugen fann arkeologane ei steinkiste på 2,35 x 1,25 meter. Grava hadde vore plyndra, men ein fann likevel så mykje at ein kunne fastslå at det var ei velståande kvinne som hadde vorte hauglagd her. M.a. fann ein ein såkalla gullberlokk, eit forseggjort hengesmykke i reint gull. Slike er det berre funne 24 av i Noreg. Det vart dessutan funne restar etter draktspenner i grava som no er rekonstruert og kan sjåast like ved vegkanten på øvre sida av E39.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.01.2011