Hopp til innhold
X
Innhald

Gudmund Johan Skrivervik

Gudmund Johan Skrivervik lærar i Stryn og friidrettsmann. Som 92-åring deltok han i NM for veteranar i friidrett, som einaste deltakar i klasse 90-94 år.

Gudmund Johan Skrivervik.

Gudmund Johan Skrivervik.

Gudmund Johan Skrivervik var fødd 1921 i Gloppen og døydde i 2016. Han var lærar i Stryn, og friidrettsmann. Han tok ei rekkje gullmedaljar i veteran-VM og veteran-EM. Han sette som 85-åring verdsrekord for sin klasse i lengde med 3,77 meter under EM for veteranar.

Som 90-åring deltok han i 2011 i veteran-VM i Sacramento i USA, også der fekk han med seg fleire gullmedaljar. I 2013, 92 år gamal, stilte han opp i NM for veteranar på Byrkjelo, som einaste deltakar i klasse 90-94 år.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.05.2016