Hopp til innhold
X
Innhald

Helge W. Lyslo

Helge W. Lyslo (1868-1952) starta fotoforretning på Sandane i 1895, etter først å ha drive nokre år i Innvik.

Helge W. Lyslo (1868-1952) starta fotoforretning på Sandane i 1895, etter først å ha drive nokre år i Innvik.

I 1913 bygde han eige atelierbygg. Sonen Alfred Lyslo tok over i 1937 og dreiv til han døydde i 1965. Frå 1965 til 1980 dreiv så sonen Helge Lyslo saman med Karl Ravnestad, og sidan Helge Lyslo åleine. Firmaet bygde nytt i 1980 og i 1995, men la ned i 2008.

Stort fotoarkiv

Den tradisjonsrike fotoforretninga har gjennom over 100 år opparbeidd eit stort fotoarkiv av stor historisk verdi for bygdene kring Gloppefjorden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.01.2010