Hopp til innhold
X
Innhald

Hyen Fisk A/S

Hyen Fisk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hyen Fisk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hyen Fisk A/S og Hyen Laks A/S vart starta på Åreneset i Hyen i 1986-1987 av bygdefolk med Rasmus Ommedal, Kurt Djupvik og Anders Aa som initiativtakarar.

Hyen Fisk er smoltanlegg med tre tilsette og ei omsetning i år 2000 på åtte millionar kroner.

Hyen Laks produserer matfisk, hadde tre tilsette og ei omsetning i år 2000 på 16 millionar kroner. Hyen Laks eig også Sande Settefisk på Ryggøyra, og to oppdrettsanlegg på Gangsøy og i Vemmelsvik i ytre Nordfjord.

Hyefjorden og Gloppefjorden er unnateke ordninga med Nordfjord som såkalla nasjonal laksefjord som vart innførd i 2003. Den ytre grensa for nasjonal laksefjord i Nordfjord går ved Isane, men sidan det alt var oppdrettsanlegg både i Hyefjorden og på Rygg i Gloppen, vart det gjort unntak for begge desse fjordarmane.

I 2011 fekk Hyen Laks A/S løyve til å etablere eit nytt anlegg ved Haneholmen aust for Anda. Same året vart Hyen Laks fusjonert med Nordfjord Havbruk til Nordfjord laks AS.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.09.2012