Hopp til innhold
X
Innhald

Hyen kyrkje

Hyen kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hyen kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hyen kyrkje vart bygd i 1876. Arkitekt var Karl Uchermann. Byggmeister Elias Tonning. Altartavle er frå 1926, måla av Ferdinand Kiærulf Tranaas. Ei tidlegare altartavle frå 1876 som vart måla av Karl Uchermann, heng på ein sidevegg i kyrkja. Preikestolen, døypefonten og ei kyrkjeklokke er frå 1876.

Folket oppe i dalane hadde ofte store problem med å frakte kistene ned til Hyen når døde skulle gravleggjast, og i 1907 vart det vigsla ein såkalla ”hjelpekyrkjegard” på Eimhjellen i Vestre Hyen.

Stavkyrkje på Hope

Frå 1200-talet låg det kyrkje på Hope i Hyen, der tufta no er markert med ein stor bauta som vart reist av bygdefolket i 1950. Like nedanfor denne staden heiter det Kyrkjevika. Truleg var kyrkja på Hope ei enkel stavkyrkje som første gong er nemnt i 1306.

Bautaen som markerer kvar stavkyrkja på Hope stod. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bautaen som markerer kvar stavkyrkja på Hope stod. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.01.2011