Hopp til innhold
X
Innhald

Indre Breim Idrettslag

På 1980-talet kom den eine verdsstjerna etter den andre til Breim og Byrkjelo Games. Her ser vi den olympiske meisteren på 1500 meter frå 1976, John Walker (nr. 1) frå New Zealand og amerikanaren Steve Scott (nr. 2) på det då nylagde kunststoffdekket på Byrkjelo Stadion. Foto: Svein Nesbakk.

På 1980-talet kom den eine verdsstjerna etter den andre til Breim og Byrkjelo Games. Her ser vi den olympiske meisteren på 1500 meter frå 1976, John Walker (nr. 1) frå New Zealand og amerikanaren Steve Scott (nr. 2) på det då nylagde kunststoffdekket på Byrkjelo Stadion. Foto: Svein Nesbakk.

Indre Breim Idrettslag vart skipa i 1911. På 1950-talet bygde IBIL idrettsbane på Byrkjelo, og stod årleg som arrangør av nasjonale friidrettsstemne utover 1960- og 1970-talet.
Stadion vart utbygd med kunststoffdekke i 1981 og laget starta same året dei internasjonale toppidrettsstemna «Byrkjelo Games», der mange OL- og verdsmeistrar deltok. Gunnar Hole var ei drivande kraft i desse arrangementa som gjekk kvart år fram til 1988. Då arrangerte IBIL senior-NM i friidrett. Byrkjelo Games vart teke opp att i 1992 og gjekk årvisst fram til og med 1998.

Noregsmeisterskap

I 1999 var idrettsbana på Byrkjelo arena for eit nytt senior-NM i friidrett, og bana har elles vorte brukt til fleire junior-NM og veteran-NM. Frå 1990 til 1999 vart Breim Stadion nytta til dei store friidrettsamlingane Norsk Idrettsveke, der primus motor var Magnus Willumsen i GFIL (sjå Idretten i Gloppen. På desse samlingane kunne det delta opptil 340 friidrettstalent frå heile landet. Det var 70 instruktørar i sving for 35 ulike idrettsdisiplinar. IBIL vart slege saman med Breim Idrettslag til Breimsbygda Idrettslag i 1989. I 2011 vart det for tredje gong arrangert senior-NM på Byrkjelo. Same året vart boka ”Idretten i Breim 1911-2011” gitt ut i samband med at det var 100 år sidan Indre Breim Idrettslag vart skipa.

Alpinanlegg på Utvikfjellet

I 1963 bygde IBIL i samarbeid med Utvik Idrettslag eitt av dei første alpinanelgga i fylket på Utvikfjellet. Alpinbakken var 600 meter lang. I 2005 vart anlegget utvida for 8,8 millionar kroner med m.a. eit nytt skitrekk og bakke med lysanlegg på 900 meter. Anlegget heiter Breimsbygda Skisenter.

Breimsbygda Skisenter på Utvikfjellet. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Breimsbygda Skisenter på Utvikfjellet. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.11.2011