Hopp til innhold
X
Innhald

Industri og næring i Gloppen

”Rygerkongen” er bygd av Brødrene Aa i Hyen, og er eit godt døme på kva tiltaksame folk i Gloppen har fått til. Dette biletet er frå 2006, då kronprinsparet Haakon Magnus og Mette-Marit kom til Sandane sjøvegen med den nybygde båten frå Brødrene Aa. Foto: Torbjørn Fardal, NRK.

”Rygerkongen” er bygd av Brødrene Aa i Hyen, og er eit godt døme på kva tiltaksame folk i Gloppen har fått til. Dette biletet er frå 2006, då kronprinsparet Haakon Magnus og Mette-Marit kom til Sandane sjøvegen med den nybygde båten frå Brødrene Aa. Foto: Torbjørn Fardal, NRK.

Mykje av industrien i Gloppen har vore nær knytt til den dominerande jordbruksnæringa med ullvarefabrikk, store meieri og ysteri, pelsvare- og pelsdyrfórfabrikkar. Tekstilindustrien var lenge ei stor næring i Gloppen, og Sandane er hovudkvarteret for kraftproduksjonen i fylket. I Hyen vert det produsert avanserte hurtigbåtar.

Omtalene er ordna kronologisk etter oppstartsår:

*Fabrikkar og verkstader i Gloppen *Landbruket i Gloppen *Overnattingsverksemder i Gloppen *Sagbruk og trelasthandlar i Gloppen

Hyarane måtte handle på Bryggja

Hans Glad på Bryggja hadde brev på at han hadde rett på handel med folk i Hyen.

Gjestgiveri og handel på Vereide

Den første kremmaren og gjestgjevaren som slo seg ned ved hovudkyrkja på Vereide, var bergensaren Berent Jonson.

Gjestgiveri og handel på Hestenesøyra

Bergensaren Daniel Didrik Müller starta den første handelen og gjestgiveriet på Hestenesøyra i 1712.

Gjestgiveri og handel på Reed

I 1715 fekk borgaren Kristen Reinholdtson Vibdorph kongebrev på å drive handel og gjestgiveri på Reed.

Gjestgiveri og handel på Sandane

Kristen Reinholdtssen Vibdorph fekk i 1715 kongebrev til å drive gjestgiveri på Sandane.

ENKELTOMTALAR:

Arne Larsson Holme

frå Hyen starta handel på Hestenesøyra i 1845.

Sivert Sivertsen

starta handel på Sandane i 1846.

Mathias Øysteinson

starta kring 1865 bokbinderi på Vereide. Han dreiv også eit lite bakeri.

Gloppens Spare- og Forbrugsforening

var eit aksjelag som starta handel på Hestenesøyra i 1873.

Josef H. Lothe

landhandel på Hestenesøyra - sjå Gloppens Spare- og Forbrugsforening.

Gloppen Brannkasse

vart skipa i 1875.

Småmeieria i Gloppen og Breim

Myklebust Meieri i Breim vart starta i 1876 av Jakob Myklebust. Dette vesle meieriet var det første meieriet i Nordfjord.

Gloppen og Bredheims Handelsforening

vart grunnlagt på Sandane i 1878 og starta i 1893 eige meieri som avløyste småmeieria i bygdene kring Gloppefjorden.

Gloppen og Breim Handelslag

- sjå Gloppen og Bredheims Handelsforening.

Anton Skarstein

starta m.a. landhandel i 1881 på Sandane, og bygde stort forretningsbygg i Sandane sentrum. Han eigde også to sjøbuer.

Framsida av jubileumsskrfitet til Gloppens Sparebank i 1907, då banken runda 25 år. © Fylkesarkivet.

Framsida av jubileumsskrfitet til Gloppens Sparebank i 1907, då banken runda 25 år. © Fylkesarkivet.

Gloppens Sparebank

vart grunnlagd i 1882. Banken er no einndel av Sparebanken Sogn og Fjordane.

Mathias Ø. Føleide

dreiv handel og bakeri på Kyrkjeberget på Vereide frå 1886 til 1905.

Petter Knutson Flølo

(1848-1927) starta hesteskoproduksjon ved Storelva, men flytta i 1893 til Sandane.

Sandane Glasmagasin

- sjå Petter Knutson Flølo.

Jakob E. Aaland

starta landhandel på Sandane i 1893.

Lyslo Foto heldt til i det tidlegare bygget til Gloppen Handelslag fram til forretninga vart lagd ned i 2008. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lyslo Foto heldt til i det tidlegare bygget til Gloppen Handelslag fram til forretninga vart lagd ned i 2008. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Helge W. Lyslo

(1868-1952) starta fotoforretning på Sandane i 1895, etter først å ha drive nokre år i Innvik. Forretninga vart lagd ned i 2008.

Lyslo Foto

- sjå Helge W. Lyslo.

Breim Meieri

på Byrkjelo vart skipa av Breim Landboeforening i 1896.

Breim Meieri på Byrkjelo ca. 1930. Meieriet vart bygt der Kristen Kleppe hadde drive landhandel, bakeri, slakteri og hotell.

Breim Meieri på Byrkjelo ca. 1930. Meieriet vart bygt der Kristen Kleppe hadde drive landhandel, bakeri, slakteri og hotell.

Rasmus Jakobson Rønnekleiv

starta landhandel i Hyen i 1898. Han dreiv også som børsemakar og rokkedreiar.

Johan Lothe

starta landhandel på Ryggøyra kring 1900.

Mons Kleppe

starta landhandel på Reed kring 1900. Sonen Ingvald Kleppe overtok på slutten av 1930-talet og dreiv fram til han døydde i 1977. Enkja Åsta Kleppe dreiv butikken til nordlendingen Geir Nansen tok over i 1980. I 1984 overtok Sølvi Joranger og dreiv fram til ho vart medskipar av ein ny butikk på Reed, Teina Mat, i 1988.

John Johnson

f. Lillestøl, frå Hornindal, starta landhandel på Rebakken i 1902.

Ola Nilsson Rygg starta landhandel i 1904.

Ola Nilsson Rygg starta landhandel i 1904.

Ola Nilsson Rygg

starta i 1904 landhandel på Ryggøyra.

Lars Henden

frå Hennebygda starta bakeri i eit lite hus på Austrheim tidleg på 1900-talet.

Olav L. Henden bakeri

– sjå Lars Henden.

Abraham Henden jernvarehandel

– sjå Lars Henden.

Elias Ødven

dreiv frå ca. 1905 eit bakeri på Sandane som han overtok etter faren Anders A. Ødven.

Samson J. Vereide

starta bakeri og landhandel på Vereide i 1906 under namnet S.J. Vereide.

S.J. Vereide landhandel og bakeri

- sjå Samson J. Vereide.

Bakaren

- sjå Samson J. Vereide.

Kristen Kleppe

starta landhandel på Byrkjelo i 1908. Han dreiv også bakeri og slakteri på eigedomen. Det store Kleppe-huset låg der Breim Meieri seinare bygde. Han overtok også eit hotell som Jørgen Grønfur hadde bygd litt lengre vest i det nye bygdesenteret ved brua. Kristen Kleppe la ned både butikk og hotelldrift då han gjekk konkurs, og hotellbygget vart rive og flytta til Stardalen.

Gloppens Meieri

på Sandane vart skipa i 1907, då det avløyste meieriet som Gloppen og Bredheims Handelsforening hadde starta i 1893.

Sandane Gullsmedforretning

vart starta i 1909 på Sandane av frøken Synnøve Ingebriktsen og Abigael Iversen frå Bergen.

Jon P. Engeset

og ektemaken Elisabeth starta butikk med bakeri på Sandane ca. 1911. Dei dreiv også ei tid kafé og utleige av rom.

Hyen Motorbåtlag

– sjå Samferdsle.

Ole Skrivervik

(f. 1881 ) starta landhandel på Austrheim i 1913.

Erik E. Rønnekleiv

starta bakeri på Straume i Hyen i 1914, og utvida seinare med landhandel.

E. E. Rønnekleivs Eftf.

- sjå Erik E. Rønnekleiv.

Gloppen Elektrisitetsverk

skipa 1914 – sjå artikkelen Kraftsenteret Sandane.

O.E. Gloppestad

urmakarforetning vart starta på Sandane i 1914 av Olav E. Gloppestad.

Sandane glasmagasin

– sjå Petter Knutson Flølo, 1893.

Breim Sparebank

vart skipa i 1915 med kontorlokale hjå postopnar Peter Reed på Reed.

Olav Eikenæs Bok- og Papirhandel

vart grunnlagd i 1915 av Olav Eikenæs.

Kristine Kobberstad moteforretning

– sjå Olav Eikenæs Bok- og Papirhandel.

Eikenæs Libris

– sjå Olav Eikenæs Bok- og Papirhandel.

Gloppen Mølle er i dag bygd om til bustadføremål. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gloppen Mølle er i dag bygd om til bustadføremål. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gloppen Mølle

vart grunnlagd i 1917 av distriktsveterinær Einar Sorterup og Ole G. Ryssdal.

Forretningsfamilien Rønnekleiv

starta landhandel ved dampskipskaia i Hyen i 1917 under firmanamn O. Rønnekleiv.

Johan Myklebust

starta bakeri på Byrkjelo i 1919.

Spar Byrkjelo

- sjå Johan Myklebust.

Forretningsfamilien Henden

Olav K. Henden våpen- og sportsforretning på Sandane vart grunnlagt i 1920 av Olav K. Henden.

Sidan 1945 har bilmerket Volvo vore knytt til Sandane, fram til 1984 var det Henden-familien som hadde agenturet. Denne annonsa for Volvo Amazon er frå 1960.

Sidan 1945 har bilmerket Volvo vore knytt til Sandane, fram til 1984 var det Henden-familien som hadde agenturet. Denne annonsa for Volvo Amazon er frå 1960.

Olav K. Henden AS

– sjå artikkelen Forretningsfamilien Henden.

G-Sport Sandane

– sjå artikkelen Forretningsfamilien Henden.

Fjordfly

– sjå artikkelen Forretningsfamilien Henden og Fjordfly.

Firdafly AS

– sjå artikkelen Forretningsfamilien Henden og Fjordfly.

SF Auto

– sjå artikkelen Forretningsfamilien Henden.

Frydenbø Bilsenter

– sjå artikkelen Forretningsfamilien Henden.

Trucknor Sogn og Fjordane AS

– sjå artikkelen Forretningsfamilien Henden.

Breim Handelslag

på Byrkjelo vart grunnlagt i 1920.

Coop Byrkjelo

- sjå Breim Handelslag.

Felleskjøpet Byrkjelo

- sjå Breim Handelslag.

Esso-stasjonen på Byrkjelo vart starta av Breim Handelslag, vart seinare eigd av Coop Vest BA, men vart i 2013 seld til Roy Solbakken frå Førde.

Esso-stasjonen på Byrkjelo vart starta av Breim Handelslag, vart seinare eigd av Coop Vest BA, men vart i 2013 seld til Roy Solbakken frå Førde.

Breim Motorbåtlag

– sjå Samferdsle, artikkelen: Rutebåten på Breimsvatnet.

Gloppen Handelslag

vart grunnlagt i 1921.

Coop Sandane

- sjå Gloppen Handelslag.

I dette huset dreiv Rasmus K. Mardal kjøtvareforretning. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette huset dreiv Rasmus K. Mardal kjøtvareforretning. Foto: Ottar Starheim, NRK.

R. K. Mardal

kjøtvareforretning vart starta på Sandane av Rasmus K. Mardal i 1921. Utsalet hadde han i sentrum, og han bygde seinare eit slakteri ved Utstillingsplassen på Austrheim. Forretninga var i drift til 1965. Seinare har butikklokala vorte nytta av klesbutikken Arkja.

Arkja

- sjå R. K. Mardal.

Breim Branntrygdelag

vart skipa i 1922.

Coop Marked på Reed, tidlegare Breim Samvirkelag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Coop Marked på Reed, tidlegare Breim Samvirkelag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Breim Samvirkelag

på Reed vart starta i 1924. Butikken er i 2007 den einaste daglegvarebutikken som er att på Reed, og er no ein del av Coop Vest BA.

Coop Reed

– sjå Breim Samvirkelag. .

Karl Fløtre

kjøpte den første lastebilen til Breim i 1927. Saman med Asbjørn Førde var han den første som kjøpte seg traktor i Breim – i 1948.

Annonse for produkta til Olav Sande i 1942. Han laga m.a. radioapparat med namnet Statt.

Annonse for produkta til Olav Sande i 1942. Han laga m.a. radioapparat med namnet Statt.

Urheim Mølle

på Byrkjelo vart bygd i 1930 av Rasmus L. Bjørnereim (1878-1935) og Jakob Bjørnereim (1915–1988), og var eit framhald av ei bygdemølle som Rasmus hadde starta i 1894.

S. Sandal

konfeksjonsforretning, skipa 1930. Sjå S. Sandal Konfeksjon og Skreddarverkstad.

Olav Sande - forretningsmannen

Olav Sande starta fotoforretning på Sandane i 1931. Seinare vart det sal og produksjon av radioapparat.

Hyen Billag

sjå eigen artikkel - Rutebilselskap under Samferdsle.

Vereide Gartneri

vart starta i 1937 av Per Vereide. Sonen Bård Vereide tok seinare over verksemda.

Albert E. Vereide

starta i 1938 slakteri og handel på Vereide.

Vereide Kjøtt AS

sjå Albert E. Vereide.

Halvor Hansen A/S

tekstilforretning, starta i 1940 - sjå Evebøfoss Fabrikker.

Nedre Breim Meieri på Reed i 1950. Foto: Kristian Sandsmark.

Nedre Breim Meieri på Reed i 1950. Foto: Kristian Sandsmark.

Nedre Breim Meieri

bygd på Reed i 1941 – sjå Historie, artikkelen Meieristrid og bygdespenningar.

Ole T. Skrøppa

starta fiskehandel på Reed i 1941. Ektemaken Agnes f. Tystad dreiv Tystad Blomster på Sandane. Fiskehandelen på Reed vart lagd ned på slutten av 1970-talet. Ole T. Skrøppa omkom etter ein brann i bygget i 1980. I forretningsbygget til Skrøppa hadde Martinius Vik frå Ålfoten urmakar- og gullsmedforretning. Butikken på Reed vart styrt av Valborg, systera til Martinus Vik.

Tystad Blomster

– sjå Ragnfrid Tystad under Fabrikkar og verkstader i Gloppen, startår 1937 og Ole T. Skrøppa (over).

Samuel Førde

starta landhandel på Reed like etter andre verdskrig.

Firdakraft

vart skipa som interkommunalt selskap i 1947 og femna om Gloppen, Stryn, Hornindal. Eid og Stranda på Sunnmøre. – sjå artikkelen Kraftsenteret Sandane.

Sandane Manufaktur

vart starta av Per Hostad i 1947.

Martin Holvik

starta daglegvarehandel på Kleivedammen i 1948.

Kloggenbutikken

på Ryggøyra vart starta av Alf Rygg i 1950. Landhandelen vart kalla Kloggenbutikken fordi Alf og broren Bjarne dreiv Gloppen Kloggfabrikk og ei sag like ved der butikken stod. Butikken vart lagd ned i 1964, og butikklokala vart ombygde til bustad.

Byrkjelo Kafé og pensjonat. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Byrkjelo Kafé og pensjonat. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Byrkjelo Kafé og pensjonat

vart starta av Karoline Strand kring 1950.

Gerhard Nybø

frå Rugsund starta fiskeutsal på Byrkjelo kring 1950. Han og ektemaken Dorthea dreiv også fiskematkjøkken og landhandel i bygget fram til butikken vart lagd ned kring 1970.

Skinlo & Co

på Sandane, skipa i 1951. - Sjå Nils Skinlo.

Buss og drosje på Sørstranda

Johan Rygg frå Rygg dreiv i mange år eigne bussruter og drosjekøyring på Sørstranda i Gloppen. Firda Billag tok over rutene og to bussar i 1972.

Bygningen Gloppen Fruktpakkelager reiste på Austrheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bygningen Gloppen Fruktpakkelager reiste på Austrheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gloppen Fruktpakkelager

vart skipa i 1956 på Sandane av fruktdyrkarar i Gloppen. Laget bygde stort mottaksanlegg på Austrheim, seinare også fryselager for mottak av grønnsaker og bær. Gartnerhallen tok over i 1964, og la ned i 1996. Sidan har grønsakdyrkarane sjølve drive fryselageret, og Felleskjøpet har leigd deler av anlegget til langer for gjødsel og andre jordbruksvarer - sjå: Felleskjøpet Øst Vest.

Foto Almenning

fotoforretning og atelier vart starta på Sandane i 1956 av Ola og Jofrid Almenning. Forretninga held til i Skarsteintunet ved Nordstrandvegen og er i dag driven av sonen Ole Tom Almenning. Almenning fekk filial i Moengården på Nordfjordeid i 1991. Denne filialen vart lagd ned i 2010.

Fjordfly

Grunnlagt i 1957 av Arne Henden som det første flyselskapet i Sogn og Fjordane.

Firdafly

– sjå Fjordfly.

Aagård Sko. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Aagård Sko. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ingolf Aagård

og ektemaken Kitty starta i 1957 skoforretning på Sandane. Sonen Steinar Aagård og ekstemaken Torill tok seinare over forretninga.

Aagård Sko

-sjå Ingolf Aagård.

Halvor Hansen A/S

tekstilforretning – sjå Evebøfoss Fabrikker.

Hildur Skår

starta klesbutikk på Byrkjelo i 1957.

E. R. Hestenes

landhandel på Hestenesøyra vart starta i 1957.

Dagfinn Huus

starta som maskinentreprenør på Sandane i 1959.

Gloppen Pelsdyrfôrlag

vart skipa i 1961.

Vest-Norsk Fôr BA

- sjå Gloppen Pelsdyrfôrlag.

Midt-Norsk Fôr BA

- sjå Gloppen Pelsdyrfôrlag.

Signy Øvreset

dreiv i nokre år på 1960-talet ein kafé på Reed.

Flølo Maskinforretning

på Sandane vart starta i 1963 av Bjarne J. Flølo.

Flølo Maskin AS

sjå Flølo Maskinforretning.

Veidekke Entreprenør AS

Det som i dag er Veidekke Entreprenør si avdeling på Sandane hadde sitt opphav i 1967.

Logoen til Sogn og Fjordane Energi AS

Logoen til Sogn og Fjordane Energi AS

Sogn og Fjordane Kraftverk

skipa 1968 – Les meir i artikkelen Kraftsenteret Sandane.

Sogn og Fjordane Energi AS

I 1968 skipa Sogn og Fjordane fylke sitt eige kraftselskap: Sogn og Fjordane Kraftverk - seinare Sogn og Fjordane Energi. – Les meir i artikkelen Kraftsenteret Sandane.

Mardal Rør AS

i Bukta vart starta i 1970. Sjå Dagfinn Huus.

Nils Moldestad Elektro

på Byrkjelo vart starta av Nils Moldestad i 1970.

Karins Vevstudio

– sjå Nils Moldestad Elektro.

Forretninga til Knut Fjellestad i Skarsteintunet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forretninga til Knut Fjellestad i Skarsteintunet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Knut Fjellestad

starta radio- og TV-forretning på Sandane i 1971. Butikken held til i Skarsteintunet ved Nordstrandvegen.

Bergens Kreditbank

(seinare Bergen Bank) opna avdeling på Sandane i 1972. I 2010 er avdelinga ein del av Nordea Bank Norge ASA. Avdelinga har kontor i Skinlo-bygget, sjå Nils Skinlo.

Nordea Bank Norge ASA

- sjå Bergens Kreditbank.

Epir AS

papir- og kontorrekvisitaforretning, vart skipa i 1972 av bokhandlar Harald Eikenes.

S-Gruppen ASA Sandane

– sjå Epir AS.

Maske Gruppen ASA

– sjå Epir AS.

Re-Bygg AS på Byrkjelo. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Re-Bygg AS på Byrkjelo. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Re-Bygg AS

entreprenørfirma vart skipa i Breim i 1978 av Roald Veien m.fl. Veien vart seinare eineeigar. I 2006 sysselsette firmaet 12 personar og har kontor- og forretningslokale i eige bygg på Byrkjelo.

Skjerdal Laks A/S

settefiskanlegg i Skjerdal ved Hyefjorden, vart starta i 1985.

Skjerdal Settefisk

- sjå Skjerdal Laks A/S.

Rødeggen Settefisk A/S

eit selskap frå Vågsøy, starta i 1985 smoltproduksjon på Ryggøyra. Anlegget heiter i dag Sande Settefisk, og er eigd av Hyen Fisk (sjå nedanfor).

Rødeggen Settefisk på Ryggøyra. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Rødeggen Settefisk på Ryggøyra. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hyen Fisk A/S

og Hyen Laks A/S vart starta på Åreneset i Hyen i 1986-1987 av bygdefolk med Rasmus Ommedal, Kurt Djupvik og Anders Aa som initiativtakarar.

Hyen Laks A/S

- sjå Hyen Fisk A/S.

Nordfjord laks AS

- sjå Hyen Fisk A/S.

Reed Foto AS

vart grunnlagt i Breim i 1986 av Per Svein Reed.

Eurofoto AS

– sjå Reed Foto AS.

Datasafe AS

– sjå Reed Foto AS.

Eurofoto International AS

– sjå Reed Foto AS.

Intele AS

– sjå Reed Foto AS.

IKON-fotografene

– sjå Reed Foto AS.

Fovea AS

– sjå Reed Foto AS.

Byrkjelo Maskin AS

maskinentreprenørfirma vart starta av Svein Kleppe i 1986. Dottera Camilla overtok som eigar då faren døydde. I 2013 selde ho aksjane til Kaj Henning Våtevik (51%) og Jostein Sunde (49%). I 2013 er det ni tilsette i verksemda.

Gjensidigebygget på Sandane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gjensidigebygget på Sandane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gjensidige Sogn og Fjordane

skipa avdeling på Sandane i 1986 i eige bygg. Finansavdelinga til Gjensidige har hatt tilhald på Sandane. – Les meir under Førde kommune om Gjensidige Sogn og Fjordane.

Hetle Auto AS

vart skipa på Reed i 1988 av Ivar Hetle og driv med sal av importerte bruktbilar. Firmaet held til i det tidlegare meieribygget. I 2005 omsette Hetle Auto for over 60 millionar kroner.

Hetle Auto held til i den tidlegare meieribygningen på Reed. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hetle Auto held til i den tidlegare meieribygningen på Reed. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Reed Senter

var eit lite, lokalt handelssenter på Reed som vart starta i 1988.

Gloppen Invest

- sjå Reed Senter.

Rekroa

serveringsstad vart starta på Reed i 1988 av Åke Bakka og Ole Henriksen.

Sandane Apotek

vart starta i 1991. Apoteket held til i Domusbygget og er knytt til kjeda Apotek 1.

Antikk og Rariteter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Antikk og Rariteter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Antikk og Rariteter

vart starta i ein gamal låve på Gimmestad i 1991 av Åse Moen. Forretninga har utvikla seg til ei av dei største i sitt slag på Vestlandet. I tillegg driv Åse Moen selskapslokale og kunstgalleri i låven. (Sjå TV-reportasje under Sandane.)

Firda fysikalsk-medisinsk senter

vart starta av Bertel Rune Kaale i 1991. Les meir under Helsestellet i Gloppen.

Norsk Fjordhestgard

Fjordhestgarden driv rideskule og kurs i stell av hest, og turriding sommarstida. Den er avlsstasjon for fjordhestlaget i Nordfjord.

Nomil IKS

(Nordfjord Miljøverk) vart starta som interkommunalt eigd renovasjonsselskap av Nordfjord-kommunane.

Kandal Bygg AS

vart skipa i 1991 av Anton Kandal. Byggefirmaet har oppdrag i Gloppen kommune og grannekommunane, og hadde i den sterke byggeperioden kring 2007 over 15 tilsette. Firmaet nyttar seg m.a. av produksjon av element som vert laga innandørs i eit industribygg på Elvaneset.

Yrkes- og Fritidsklær

vart starta på Sandane i 1994 av Kjell Morten Eide.

Sogn og Fjordane Meieri

bygde i 1996 eit stort meieri til 55 millionar kroner på Byrkjelo. Sjå Tine Meieriet Vest BA.

Diplom-Is si avdeling på Sandane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Diplom-Is si avdeling på Sandane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Diplom-Is

starta ei lager- og salsavdeling på Sandane i 1996. I 2010 vedtok selskapet å leggje ned avdelinga, som då hadde seks tilsette.

Økonor Gloppen

er eit rekneskapskontor som vart starta av Jon Gimmestad i 1998.

Elkjøp Gloppen

vart opna i 1999 og var eigd av Førde Sport AS og Gunnar Hestenes (35%). Avdelinga har åtte tilsette og ein årsomsetnad på ca. 14 millionar kroner. I 2012 flytta Elkøp Gloppen frå Sandane Senter til Domus-bygget.

Rema 1000

opna daglegvarebutikk på Sandane i 1999 med Thorleif Vederhus som styrar. I 2012 flytta forretninga inn i ein ny og større bygning på Grandane.

Rema 1000 på Sandane heldt til i denne bygningen frå starten og fram til 2012. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Rema 1000 på Sandane heldt til i denne bygningen frå starten og fram til 2012. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Axella

er ei dataverksemd som vart starta på Sandane i 2000 av Arne Skinlo. Axella har satsa på opplæringssektoren og på web-utvikling og har m.a. ansvaret for drift av eit landsomfattande samarbeid mellom lokale nettaviser.

Sandane Senter

heiter det store varehuset på 8000 kvm til 61 millionar kroner som opna i Sandane sentrum i januar 2001.

Tine Meieriet Vest BA

på Byrkjelo er ein av dei største arbeidsplassane i Gloppen.

Easy-Connect

Easy Connect. Foto: Steinar Lote, NRK.

Easy Connect. Foto: Steinar Lote, NRK.

som driv telefonnummertenesta 1890, skipa avdeling på Sandane i 2001 med kring 30 tilsette. Selskapet fekk store underskot i 2003, og gjekk konkurs i oktober same år. Gloppen Utvikling AS freista å drive avdelinga vidare, men måtte seie opp dei tilsette før året var omme.

Hyen Utviklingslag

vart skipa i 2001 og arbeider m.a. for å styrke infrastrukturen og skaffe arbeidsplassar til bygda. Sentrale personar frå starten har vore Erik Hope, Ole-Matias Aa, Eldar Rønnekleiv, Aud-Kari Solheim og Margrete M. Tonheim.

Hyen Bygg AS

vart starta i 2001 av ti aksjonærar i Hyen. I 2014 har verksemda seks tilsette og bygde då ein ny produksjonshall til Brødrene Aa.

Byrkjelo Kraft AS

vart skipa i 2002 av 25 grunneigarar. i 2005 fekk selskapet konsesjon på kraftutbygging i Myklebustdalselva. Kraftstasjonen på Byrkjelo vart sett i drift i 2007.

Vestavind Kraft AS

vart skipa i 2005 for å samordne vindkraftplanane til eigarselskapa.

Vinmonopolet

opna utsal på Sandane i 2006.

SFE Naturgass AS

– sjå artikkelen Kraftsenteret Sandane.

Gloppen Mat AS

starta i 2008 - sjå Sivertsens Hotell på Sandane

Intempo AS

vart starta av Heidi Aabrekk på Sandane i 2009. Ho har utvikla Bravo-leiken, eit verktøy for å fremje læring og førebyggje lese- og skrivevanskar hjå born. I 2014 vart ho kåra til «Årets gründerkvinne på Vestlandet» og «Årets gründer» i Sogn og Fjordane.

Lumens AS

vart starta av Jan Tore Fossheim på Sandane i 2009. Verksemda utviklar og marknadsfører LED-diodeteknologi til erstatning for dagens lyskjelder.

Bunnpris

etablerte daglegvarebutikk på Sandane i 2014. Butikken overtok lokala som Rema 1000 flytta ut frå i Gotevegen i 2012.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2015