Hopp til innhold
X
Innhald

Jacob Neumann Hammer

Jacob Neumann Hammer (1835- ) frå Haus i Hordaland. Han kjøpte den gamle handelsstaden og gjestgiveriet i Utvik 1856. Hammer satsa ei tid på hotelldrift på Rebakken i Breim. Namnet på Hammer sitt hotell der var Hotell Victoria. Han dreiv også eige ”turistbåt” på Breimsvatnet.

Hammer bygde også Hotell Stanley på Skei i Jølster. Dette låg om lag ein kilometer sørvest for Skei Hotell.

Hammer selde etter ei tid alle eigedomane sine i Nordfjord og Jølster og reiste til Amerika. Nokre kjelder meiner at han gjekk konkurs.

Den som overtok i Utvik var Johan Johanesson Loen. Han bygde kai, utvida landhandelen og reiste eit nytt hotell, ”Britannia”, som står i bygdesenteret den dag i dag og var sist kjend som ”Gjestgivergården”.

Ein teig nede som Hammer hadde kjøpt nede ved fjorden var kalla Hammerstad. Her vart Hammerstad Hesteskofabrikk bygd noko seinare. Hotel Stanley på Jølster vart kjøpt av Skrede-familien. Det vart rive og brukt som påbygg til deira hotell på Skei.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.01.2010