Hopp til innhold
X
Innhald

Jakob Jakobson Hjelmeset

Jakob Jakobson Hjelmeset (1849-1877) frå Hjelmeset. Cand. real. 1875. Bondeson, som skal vere den første bondeguten frå Nordfjord som tok universitetsutdanning.

Han kom i studenttida med i den radikale ”Fram-flokken”. Heimkomen starta han ein friskule etter folkehøgskule-idèen for bondegutar på Apalset i 1875. Men her som hos Haakon Aasvejen i Hornindal (sjå denne under Kjende personar i Hornindal fødde før år 1900) vart han motarbeidd av konservative prestar og andre pietistar som mislika den ”radikale” skulen. Dei nekta å godkjenne huset han brukte til skule, og han måtte flytte med skulen til Ludvig Bjørnereim (sjå denne) på Breim. Etter ein strabasiøs tur i ruskever frå Hjelmeset til Breim fekk han lungebetennelse og døydde.

Hjelmeset vart vald som vararepresentant på Stortinget 1877-1879, men døydde same året som han vart vald.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 10.01.2011