Hopp til innhold
X
Innhald

Joachim Ehrenreich Sivertsen

Joachim Ehrenreich Sivertsen (1824–1902) frå Sandane, fødd i Bergen. Handelsmann og hotellbyggjar.

Joachim Ehrenreich Sivertsen (1824–1902) frå Sandane, fødd i Bergen. Handelsmann og hotellbyggjar.

Faren kom frå Tyskland til Bergen. Sivertsen fekk i 1866 løyve til å drive handel og gjestgiveri på Sandane. Han bygde Sivertsens Hotell på Sandane og heldt skysstasjon.

Sonen Kristoffer Gerhard Sivertsen bygde hotell i sveitsarstil i 1890. Hans son, Joachim, kom i 1910 heim frå Amerika og tok over hotelldrifta.

Sivertsens Hotell vart i 1988 selt ut av familien, og heiter no Gloppen hotell, eigd av Irene og Dag Moen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.01.2011