Hopp til innhold
X
Innhald

June Andenæs

June Andenæs i kamp med Larvik-forsvaret i ein seriekamp for Levanger. Foto: Johan Arnt Nesgård, Trønder-Avisa.

June Andenæs i kamp med Larvik-forsvaret i ein seriekamp for Levanger. Foto: Johan Arnt Nesgård, Trønder-Avisa.

June Andenæs i landslagsdrakta. Foto: handball.no.

June Andenæs i landslagsdrakta. Foto: handball.no.

June Andenæs fødd 1983 på Vereide. Frisør, student og handballspelar. Spela handball på Fjellhug/Vereide og Gloppen Handballklubb før ho i 2003 flytta til Bergen og melde seg inn i Bjørnar IL, som ho var med på å spele opp i eliteserien.

I 2008 gjekk ho til Levanger IL i Nord-Trøndelag, som spela i eliteserien. Der gjorde ho det så godt som strekspelar at ho vart teken ut til landslagssamlingar, og i 2010 fekk ho sin debut på A-landslaget mot Sverige.

I 2011 gjekk ho frå Levanger til trondheimsklubben Byåsen. Der fekk ho m.a. spele kampar i EHF Champions League, og ho var med på å ta sølvmedalje i den norske toppserien.

Sesongen 2013/2014 spelte ho på det russiske laget Lada i Togliatti.

I desember 2014 var ho tilbake i norsk handball – i Levanger, men i februar 2014 vart ho igjen Byåsen-spelar.

Hausten 2015 gjekk ho til det nyopprykte toppserielaget Molde HK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2016