Hopp til innhold
X
Innhald

Kanilshogjen på Hauge

Kanilshogjen på Hauge. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kanilshogjen på Hauge. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eitt av dei synlegaste fornminna i Noreg er Kanilshogjen på Hauge eit par kilometer vest for Sandane. Haugen er den største på Vestlandet og måler heile 50 meter i tverrmål og er sju meter høg. Reiser ein langs fjorden, kan ein på lang lei sjå Kanilshogen kneise på sandreina ved det gamle gardtunet på Hauge.

Kanilshogjen (hogjen = dialekt for haugen) vert også kalla Tinghogjen. Haugen har ikkje vorte graven ut, men arkeologane reknar med at haugen kan vere bygd som eit astronomisk merke: Sola skin på haugen gjennom Fitjeskaret ved vintersolverv medan resten av bygda ligg i skugge. Dessutan er Kanilshogjen den siste som sola streifar om kvelden midtvinters.

Midt i eit gravfelt

Kring Kanilshogjen reknar ein med at det har lege minst ti store gravhaugar – ein av dei med eit tverrmål på 37 meter. Mykje tyder på at området på nordsida av Gloppefjorden kan ha vore eit religiøst sentrum i romartida, og truleg har hovdingen på Eide vore ein sentral person i dyrkinga av religiøse skikkar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.09.2009