Hopp til innhold
X
Innhald

Karl Fitje

Verkstaden som Arne K. Eide bygde i Bukta. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Verkstaden som Arne K. Eide bygde i Bukta. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Karl Fitje starta ein trevarefabrikk i Bukta i 1920. Han produserte soveromsmøblar og salongbord og hadde opptil seks tilsette. Då Karl døydde i 1928 tok den eldre broren Gunnar over fabrikken ei tid.

Ein av fleire som leigde fabrikken utover 1930-talet var Arne K. Eide (sjå denne). Eide sette seinare opp ein eigen verkstad i Bukta saman med Toralv Mardal. Der vart det produsert kjøkeninnreiingar, glas og dører. Dei siste åra vart denne verkstaden leigd av Knut Solheim.

I 1946 kom det nytt liv i fabrikken etter Karl Fitje då ni personar tok over drifta under firmnamnet Nordfjord Møbelfabrikk A/S. Fabrikken produserte møblar og innreiingsutstyr i lokala i Bukta fram til tidleg 1950-tal då verksemda vart flytta til Kleivedammen. Fabrikken låg der Bolseth Glass heldt til i dag og vart kjøpt av Magnus Bolseth då møbelfabrikken vart lagd ned.

Det første fabrikkbygget i Bukta er no rive, medan verkstaden som Arne K. Eide bygde i Bukta framleis står.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 12.10.2009