Hopp til innhold
X
Innhald

Kongevitjingar i Gloppen

Kronprinsesse Märtha og kronprins Olav på Sandane i 1933. Til høgre for paret står ordførar Elias Faleide.

Kronprinsesse Märtha og kronprins Olav på Sandane i 1933. Til høgre for paret står ordførar Elias Faleide.

Kong Olav den 5. gjesta som kronprins Sandane i 1933 saman med kronprinsesse Märtha i samband med ei rundreise i fylket: Stryn, Gloppen, Høyanger, Leikanger, Kaupanger, Lærdal. Han gjesta også Sandane i samband med 100-årsjubileet til Fylkesbaatane i 1958, og reiste gjennom kommunen i 1980 i samband med ei privat gjesting til Briksdalsbreen.

Kong Harald den 5.

Kong Harald den 5.

vitja som kronprins Sandane i 1979 i samband med opninga av Nordfjordheimen. Han var då i fylgje med kronprinsesse Sonja, som planta eit tre ved heimen.

I samband med det norske kongeparet sitt sølvbryllaup i august 1993, kom dei kongelege til Anda flyplass med fly før dei reiste vidare med buss via Sandane og Byrkjelo til Briksdalen.

Under «The Silver Cruise», vitja fylgjande monarkar Nordfjord: Kong Carl Gustaf av Sverige, dronning Margrethe II av Danmark, dronning Beatrix av Nederland, kong Juan Carlos av Spania, storhertug Jean av Luxembourg, og ekskong Konstantin av Hellas. Det britiske kongehus var representert ved prins Edvard. Både det norske kongeskipet « Norge» og det danske «Dannebrog» fylgde med på «The Silver Cruise» til Nordfjord.

Kronprinsparet på besøk

I september 2006 var kronprinsparet Haakon og Mette-Marit på offisiell gjesting i seks kommunar i Sogn og Fjordane: Askvoll, Flora, Gloppen, Stryn, Hornindal og Eid.

Frå besøket til kronprinsparet 6. september 2006. Foto: Øyvind Torvund, NRK.

Frå besøket til kronprinsparet 6. september 2006. Foto: Øyvind Torvund, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.01.2011