Hopp til innhold
X
Innhald

Køyrevegar i Gloppen

Frå 1968 har ein stor del av trafikken nord-sør på Vestlandet gått gjennom Gloppen. På dette flyfotoet av Vereide ser vi den gamle vegen nede ved fjorden og den nye E39 høgare i terrenget. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Brua frå Råd

og nord om Breimselva var ferdig i 1847.

Vegen Sandane-Vereide-Ryssfjøra

vart bygd som køyreveg tidleg på 1850-talet.

Brua over Storelva fotograferti 1938. Foto: Neupert, Mittet & Co. © Fylkesarkivet.

Brua over Storelva fotograferti 1938. Foto: Neupert, Mittet & Co. © Fylkesarkivet.

Bru over Storelva

Første brua over Storelva ved Evebøfossen vart bygd i 1857.

Kvelvingsbrua over Ryggelva fotografert i 1931, same året som brua datt ned. Mannen på biletet er Bertil J. Rygg. © Fylkesarkivet.

Kvelvingsbrua over Ryggelva fotografert i 1931, same året som brua datt ned. Mannen på biletet er Bertil J. Rygg. © Fylkesarkivet.

Bru over Ryggelva

vart bygd som kvelvingsbru i stein i 1860. Ho datt ned i 1931 og vart erstatta av ei bru i stål.

På dette biletet frå 1890-talet er vegen framom Breimsfjellet nybygd. Foto: K. Knudsen. © Knudsensamlingen, UBB.

På dette biletet frå 1890-talet er vegen framom Breimsfjellet nybygd. Foto: K. Knudsen. © Knudsensamlingen, UBB.

Vestre Hyen

Veg frå Hope nede i Hyen og opp til bygdene kring Storfjorden i vestre Hyen var ferdig kring 1860.

Våtedalsvegen

frå Klakegg i Jølster til Byrkjelo vart opna i 1889. Les meir i artikkelen Veg gjennom Våtedalen .

Sandane-Breim

framom det stupbratte Breimsfjellet var ferdig i 1891.

Veg til Myklebustdalen

i Breim vart bygd som kløvjeveg på 1840-talet, og som køyreveg på 1890-talet.

Engeset

i Fjellbygda fekk veg i 1900. Kort tid etter var vegen bygd fram til ytre Fjellbygda.

Bru over Trysilfossen

øvst i Storelva i Gloppen var ferdig i 1913.

Vegen langs Hopsvatnet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegen langs Hopsvatnet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Veg langs Hopsvatnet

i Hyen var ferdig i 1933. Dermed fekk vestre Hyen samanhengande køyreveg heilt ned til sjøen.

Då vegen over Utvikfjellet var nybygd. Dette biletet frå 1930-talet er teke om lag der skitrekket er i dag.

Då vegen over Utvikfjellet var nybygd. Dette biletet frå 1930-talet er teke om lag der skitrekket er i dag.

Bilveg over Utvikfjellet

På Utvikfjellet vart den gamle traséen til Trondhjemske Postvei frå 1795 avløyst av ny bilveg i 1934. Medan den gamle postvegen tok av frå dalen ved Flølo, starta no den nye bilvegen oppstigninga frå Byrkjelo, som vart det nye bygdesenteret.

Årdal

aust for Breimsvatnet fekk vegsamband til Reed i 1956.

Veg Hyen-Sunnfjord

Vegen frå vestre Hyen til Storebru i Sunnfjord vart opna i 1962.

Ferjekaia på Anda. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ferjekaia på Anda. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lotetunnelen

(2857 meter) vart opna i 1966, og ferjestrekninga Lote-Anda vart opna i 1968. – Sjå Samferdsle i Eid.

Vegen mellom Hestenesøyra og Rygg med Sandane i bakgrunnen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegen mellom Hestenesøyra og Rygg med Sandane i bakgrunnen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hestenesøyra

fekk vegsamband til Sande i 1972. På strekninga ligg tunnelen Omnen på 156 meter.

Kandal

på vestsida av Breimsvatnet fekk vegsamband i 1969.

Vegen langs Breimsfjellet på 1950-talet. No er denne strekninga erstatta av tunnel.

Vegen langs Breimsfjellet på 1950-talet. No er denne strekninga erstatta av tunnel.

E39 Reed–Sandane

I 1978 vart den smale og farlege riksvegen langs Breimsvatnet kring Breimsfjellet avløyst av ny veg med to tunnelar, den lengste på 868 meter.

Hyefjorden med vegen som vart opna i 1989. Foto: Ola Lilloe-Olsen.

Hyefjorden med vegen som vart opna i 1989. Foto: Ola Lilloe-Olsen.

Vegen Sandane-Hyen

Vegen langs Hyefjorden frå Hyen til Hestenesøyra vart opna i 1989. Denne strekninga av riksveg 615 har fylgjande tunnelar: Kleppenestunnelen 55 meter, Gjølsvoratunnelen 89 meter, Fløgatunnelen 1406 meter, Skavstøtunelen 446 meter, Eikenestunnelen 1008 meter.

Opprusting av E39

Europaveg 39 er stamvegen gjennom Vestlandet, og vert kalla Kyststamvegen. Gjennom Gloppen kommune går den frå Våtedalen i sør og til ferjeleiet på Anda i nord.

E39 på Kleivedammen. Her vart ny veg opna i 2001. Foto: Ottar Starheim, NRK.

E39 på Kleivedammen. Her vart ny veg opna i 2001. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 10.06.2014