Hopp til innhold
X
Innhald

Kraftsenteret Sandane

Eidsfossen i Gloppeelva vart bygd ut i 1917. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eidsfossen i Gloppeelva vart bygd ut i 1917. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sandane er «kraftsenteret» i Sogn og Fjordane fylke: Bygda er hovudsete for fylket sitt eige kraftselskap - Sogn og Fjordane Energi AS. Sandane har 100 år gamal tradisjon for å vere eit ”kraftsenter” i fylket.

Heilt tilbake til utvikaren Anders Hansen kom tilbake frå Amerika og bygde sitt første kraftverk i 1909 har Sandane hatt ein nøkkelrolle i kraftforsyninga:

Her budde overingeniøren for elektrisitetsforsyninga i fylket frå 1934. Det var her det interkommunale Firdakraft fekk sitt hovudsete då det vart skipa av Nordfjord-kommunane i 1947.

Sandane vart administrasjonsstad for Vestlandske Kraftsamband som frå 1955 og utover bygde samkøyringsliner på Vestlandet, og bygda har frå 1967 vore hovudsete for SFE - det fylkeseigde Sogn og Fjordane Energi AS.

Fargerike fossekjøparar

På same vis som det hende i andre kommunar, vart dei viktigaste fallrettane i Gloppen-vassdraga kjøpte opp av reine fossspeskulantar kring 1900:

Fallrettane i Gjengedalen (med Gjengedalsfossen) i austre Hyen vart kjøpte i 1900 av fossespekulanten N.N. Sontum, som var ingeniør i Hamnevesenet i Bergen. Han hadde året før kjøpt fallrettane frå Storefjorden til Krokstadvatnet i vestre Hyen, og hadde dessutan kjøpt Osenvassdraget i noverande Flora kommune. Sontum selde seinare alle desse fallrettane til Sogn og Fjordane fylke (sjå Sogn og Fjordane Energi AS).

Generalkonsul kjøpte Gloppeelva

I Gloppeelva (Storelva) kjøpte ein annan bergensar, den eksentriske juristen og generalkonsulen av Montenegro (!), Hugo Mowinckel ein del fallrettar - sjå: Sandane. Han fekk også løyve til stor regulering av Breimsvatnet for å kunne starte storindustri på Sandane. Men planane til den fiske- og jaktglade «generalkonsulen» var svært luftige og vart ikkje noko av.

Sandane fekk tidleg elektrisk kraft

Dei første lyspærene i Sandane sentrum vart tende i 1909. Då hadde fabrikkeigar Anders Hansen ved Evebøfoss Fabrikker bygd ein liten kraftstasjon ved Storelva. I tillegg til at fabrikken fekk elektrisk drift, vart det strekt liner til kring 40 abonnentar i Sandane sentrum. Etter Vadheim og Stongfjorden (sjå: Ålmenn kraftforsyning i Høyanger og: Kraftforsyninga i Askvoll), vart Sandane den tredje staden i fylket som såleis fekk elektrisk straum.

Frå bygginga av ein dam til kraftverket i Årdal i Breim i 1913. Frå venstre ukjend, J.O.H. Frøystad, Tore Frøystad, Nils Frøystad, Anders Årdal, Jakob Åsen Årdal, ukjend, Ingebrikt Frøystad, Rasmus Årdal. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Frå bygginga av ein dam til kraftverket i Årdal i Breim i 1913. Frå venstre ukjend, J.O.H. Frøystad, Tore Frøystad, Nils Frøystad, Anders Årdal, Jakob Åsen Årdal, ukjend, Ingebrikt Frøystad, Rasmus Årdal. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Fleire bygdekraftverk

Etter at Anders Hansen hadde bygd sitt beskjedne Sandane Elektrisitetsverk i 1909, kom det raskt fleire mindre bygdekraftverk: I 1914 kom det fire nye kraftverk i Breim: Breim el.verk bygde på Flølo. Og i Årdal, Myklebustdalen og på Egge bygde bøndene sine eigne småkraftverk. I alt har det vore 23 større og mindre kraftverk i Gloppen kommune gjennom tida.

Trafostasjon på Reed. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Trafostasjon på Reed. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gloppen Elektrisitetsverk

I 1917 starta det kommunale Gloppen el.verk - skipa 1914 - utbygging i Eidsfossen i Storelva.

Firdakraft

Firdakraft vart skipa som interkommunalt selskap i 1947 og femna om Gloppen, Stryn, Hornindal, Eid og Stranda på Sunnmøre.

Logoen til Sogn og Fjordane Energi AS

Logoen til Sogn og Fjordane Energi AS

Vestlandske Kraftsamband

Vestlandske Kraftsamband heitte eit selskap som vart skipa i 1955 for å byggje ut overførings- og samkøyringsliner på Vestlandet.

Sogn og Fjordane Energi AS

I 1968 skipa Sogn og Fjordane fylke sitt eige kraftselskap: Sogn og Fjordane Kraftverk - seinare Sogn og Fjordane Energi. Selskapet har sidan hatt kontor på Sandane.

Hyen- og Naustdals-kraft til aluminium?

I Vestlandsplanen frå 1968 vart det m.a. gjort framlegg om at eit nytt, stort aluminiumsverk i Askvoll kommune skulle drivast med energi frå kraftverk i Gjengedal, Naustdal og Gaularvassdraget, utan at noko av dette vart sett ut i livet.

Vassdraga Naustdal og Gjengedal vart i 1993 mellombels halde unna utbygging for å få vurdert verneverdiane, trass i at SFE i mange år har hatt konkrete planar om utbygging.

Ein gamal kraftstasjon ved Hope i Hyen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ein gamal kraftstasjon ved Hope i Hyen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Landskaps- og elvevern i Hyen

Reguleringsplanar for Gjengedalsvassdraget og Nausta har vekt sterk lokal og nasjonal motstand. Ei tid såg det ut til at vernarane skulle vinne fram, men i 2003 gjekk NVE likevel inn for at vassdraga kunne byggjast ut. I januar 2009 vedtok så regjeringa å skipe Naustdal – Gjengedal landskapsvernområde. Landskapsvernet omfattar 394 kvadratkilometer. Det meste av området ligg i Gloppen og Naustdal kommunar, men også litt i Jølster og Førde kommunar. Dei fire kommunane får eit næringsfond på til saman 10 millionar kroner og ei løyving på 1,5 millionar kroner til forvalting av landsvernvernområdet.

Blådalsvatna er ein del av Gjengedalsvassdraget som no er ein del av eit landskapsvernområde. Foto: Geir Eikås.

Blådalsvatna er ein del av Gjengedalsvassdraget som no er ein del av eit landskapsvernområde. Foto: Geir Eikås.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.01.2011