Hopp til innhold
X
Innhald

Kyrkjer i Gloppen

Gimmestad gamle kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gimmestad gamle kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Både på Høvding- og futegarden Eide ved Sandane og på Austrheim var det kyrkjer i mellomalderen. Storfolket på Eide hadde eiga privatkyrkje (høgendeskyrkje), og der stavkyrkja på Austrheim låg, er det reist ein stein med minneplate like ved vegen.

Vereide kyrkje

Vereide kyrkje, truleg bygd på 1100-talet, er den einaste bevarte steinkyrkja frå mellomalderen i Nordfjord.

Austrheimkyrkja

På Austrheim var det truleg ei stavkyrkje i mellomalderen.

Steinkrossen på Ryggøyra. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Steinkrossen på Ryggøyra. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Steinkrossen på Rygg

På ein haug ved elveosen på Ryggøyra står ein steinkross på ein haug som ein trur kan vere ein gamal gravhaug. Ein reknar med at krossen kan ha vorte reist der i mellomalderen.

Privatkapell på Eide

På det gamle hovdingsetet Eide ein kilometer aust for Sandane låg det i mellomalderen eit privat kapell. Slike private kapell vart kalla høgendeskyrkjer. Kapellet stod på Labakken og er nemnt i 1303. Det vart lagt ned ein gong mellom 1360 og 1585.

Stavkyrkje i Kandal?

På sørsida av Breimsvatnet ligg den einbølte bygda Kandal. Ei segn seier at det ein gong i tida skal ha vore ei stavkyrkje her. Det vert omtala som eit kapell og skal ha lege på garden Ytrekandal.

Øvresetkyrkja

På Breim har det vore kapell på Øvreset, nemnt på 1500-talet.

Gimmestad gamle kyrkje

Gimmestad gamle kyrkje vart bygd i 1692. Byggmeister er truleg Sjur Raknes. Veggar, tak og kyrkjebenkar er rikt dekorerte.

Gimmestad kyrkje

Gimmestad ”nye” kyrkje frå 1910, ligg nede ved fjorden, medan gamlekyrkja ligge oppe på eit høgdedrag.

Interiøret i Hyen kyrkje slik det såg ut i 1927. Foto: Olav Kvaale. © Fylkesarkivet.

Interiøret i Hyen kyrkje slik det såg ut i 1927. Foto: Olav Kvaale. © Fylkesarkivet.

Hyen kyrkje

Hyen kyrkje vart bygd i 1876. Arkitekt Karl Uchermann. Byggmeister Elias Tonning.

Breim kyrkje

Breim kyrkje på Reed vart bygd i 1886. Arkitekt H. Thorsen.

Sandane arbeidskyrkje

Sandane arbeidskyrkje vart bygd i 1997. Arkitekt Hermann Hjertholm. Byggmeister Reed Bygg.

Frikyrkjer

Sion Sandane, Sandane frikyrkje og Sogn og Fjordane Bibelsenter.

Breim kyrkje på Reed. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Breim kyrkje på Reed. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.01.2011