Hopp til innhold
X
Innhald

Lag og organisasjonar i Gloppen

Fire nordfjordingar som har gjort det godt i norsk langrenn og skiskyting. Fremst Odd-Bjørn Hjelmeset frå Vereide, bak frå venstre landslagstrenar i langrenn, Morten Aa Djupvik frå Hyen, langrennsløpar og skiskyttar Ronny Hafsås frå Stårheim og Roger Aa Djupvik frå Hyen. Foto: Rune Fossum, NRK.

Fire nordfjordingar som har gjort det godt i norsk langrenn og skiskyting. Fremst Odd-Bjørn Hjelmeset frå Vereide, bak frå venstre landslagstrenar i langrenn, Morten Aa Djupvik frå Hyen, langrennsløpar og skiskyttar Ronny Hafsås frå Stårheim og Roger Aa Djupvik frå Hyen. Foto: Rune Fossum, NRK.

Idretten i Gloppen

Gloppen har og har hatt eit svært aktiv idrettsmiljø. Utøvarar frå kommunen har representert dei norske fargane både i langrenn, friidrett og handball.

Ungdomslag i Gloppen

Liste over laga. Det første vart skipa i Breim i 1880.

Vereide kvinneforening

av det Norske Misjonssamband vart skipa i 1869.

Gloppen Sokneselskap

vart skipa i 1875. Laget var ein pådrivar for fruktsdyrking, skogplanting og nyndyrking. På 1890-talet sende laget ein man til Bergen for å kjøpe plogar. Han kom tilbake med 22 moderne plogar som vart fordelte på bøndene i Gloppen. I 1928 vart laget omdøypt til Gloppen Bondelag.

Gloppen Bondelag

– sjå Gloppen sokneselskap.

Rygg kvinneforening

for misjonen vart skipa ca. 1878. Bedehuset på Ryggøyra vart bygt kring 1920.

Bedehuset på Sandane vart reist av Indre Gloppens Indremisjonsforening. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bedehuset på Sandane vart reist av Indre Gloppens Indremisjonsforening. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Indre Gloppens indremisjonforening

vart skipa i 1879. Bedehuset på Sandane vart bygt kring 1923.

Mardal Kvinneforening

vart skipa i 1881.

Breim misjonsforening

for Det Norske Misjonsselskap vart skipa i 1881. Laget vart kalla ”Prestegardsforeninga”.

Sandane og Evebø Kvinneforening

vart skipa i 1882. Eit lag som kalla seg Eide og Evebø kvinnelag vart skipa i 1975.

Tobakk-avholdsforeninga

Bredheims Tobaksafholdsforening vart skipa i 1883.

Breim Indremisjonsforening

vart skipa i 1887. Bedehuset på Breim vart bygt kring 1933.

Vereide kvinneforening

av Norsk Luthers Misjonsselskap vart skipa i 1888.

Breim Bondelag

vart skipa i 1890.

Sandal kvinneforening

i Breim vart skipa i 1891.

Sandenes Musikkforening i 1919. Framme sit Kristen Nyhagen og Rieber Ødven, andre rekkje frå v. Per Flølo, Ola Evebø, Alfred Lyslo, Albert Evebø og Peder Sandene. Tredje rekkje frå v. Bottolf Hansen, Johan Hansen, Ragnvald Søreide og Knut Eide. Bakerste rekkje frå v. Lars Djupegot, Knut Flølo, Petter Holvik. Foto: Flølo.

Sandenes Musikkforening i 1919. Framme sit Kristen Nyhagen og Rieber Ødven, andre rekkje frå v. Per Flølo, Ola Evebø, Alfred Lyslo, Albert Evebø og Peder Sandene. Tredje rekkje frå v. Bottolf Hansen, Johan Hansen, Ragnvald Søreide og Knut Eide. Bakerste rekkje frå v. Lars Djupegot, Knut Flølo, Petter Holvik. Foto: Flølo.

Sandenes Musikkforening

hornmusiklag vart skipa i 1892. Laget vart seinare omdøypt til Sandane Hornmusikk. Korpset var det første amatørkorpset i Nordfjord. Frå før hadde ein militærmusikken på Nordfjordeid. Dei første leiarane av korpset hadde militærbakgrunn. I 1986 slo Sandane Hornmusikk seg saman med Breim Hornmusikk til Gloppen Janitsjar.

Nordstranda blandakor, seinare Vereide songkor, i 1905.

Nordstranda blandakor, seinare Vereide songkor, i 1905.

Sandane Hornmusikk

– sjå Sandenes Musikkforening.

Gloppen Janitsjar

– sjå Sandenes Musikkforening.

Nordstranda blandakor

vart skipa i 1893 av kapellan Th. K. Lunde.

Indre Gloppen ungdomsforening

vart skipa i 1896, og dekte m.a. grendene Ryssddal og Bolset.

Misjonssambandet

si forening i Breim vart skipa i 1896.

I.O.G.T.-losjen ”Trofast”

vart skipa på Sandane i 1896. Fråhaldsrørsla fekk stor tilslutnad i Gloppen, og i 1907 var det registrert i alt 880 totalistar i kyrkjesokna Vereide og Gimmestad. Gloppen Afholdslag hadde åleine 660 medlemer.

Misjonssambandet

si forening i Breim vart skipa i 1896.

Austrheim kvinneforening

vart skipa i 1897.

Breimsmusikken med Gabriel Reed ståande bakerst. Ukjend fotograf.

Breimsmusikken med Gabriel Reed ståande bakerst. Ukjend fotograf.

Breimsmusikken

vart skipa i 1897 av Gabriel Reed. Dette laget hadde med musikarar frå heile Breim og hadde eit svært variert repertoar. I 1897 hadde Breimsmusikken to feler, bratsj og cello. Medlemer var Gabriel Reed, Mathias Hole, Rasmus Bjørnareim og Anton Støve. Etter ei tid vart det også skipa for inste Breimsbygda eit eige spelemannslag som ei gruppe under Heimlid ungdomslag, og der Per A. Støyva (fødd 1896 - sjå denne under Kjende personar i Gloppen fødde år 1850-1900) var musikalsk leiar. Det gjekk under namnet Per Støyvas ensemble.

Per Støyvas ensemble

– sjå Breimsmusikken.

Sydstrandens misjonslag. Ukjend fotograf.

Sydstrandens misjonslag. Ukjend fotograf.

Sydstrandens misjonslag

fir Kinamisjonen vart skipa i 1897.

Gloppens sykepleieforening

vart skipa i 1897. Laget endra i 1951 namn til Gloppen helselag. Laget tilsette Pernille E. Søreide som første diakonisse (sjukepleiar) like etter starten av laget. Laget heldt sjukepleiar i full stilling fram til 1971. Gloppens Sykepleieforening støtta også utdanning av sjukepleiarar til tuberkulosesanatoriet som vart opna på Sandane i 1916.

Gloppen helselag

- sjå Gloppens sykepleieforening.

Bukta barnemisjonslag

vart skipa i 1898 og sundagsskulen i krinsen i 1905.

Vereide indremisjonsforening

vart skipa ca. 1900.

Rygg Kinamisjonslag

- seinare Misjonssambandet – vart skipa i 1900.

Hestenesøyra jenteforening

for misjonen vart skipa i 1901.

Skinlo misjonslag

for NML i Breim vart skipa i 1903.

I.O.G.T-losje Syskenheimen

på Vereide vart skipa i 1903.

Vårsol kristlege ungdomslag

for grendene Sandal og Bjørnarheim i Breim vart skipa i 1905.

Rygg Songlag

vart skipa i 1905.

Gloppen Mållag

vart skipa i 1905.

I.O.G.T-losje Vora

på Byrkjelo vart skipa i 1906.

I.O.G.T.-losjen Sudstrandstryggen

vart skipa på Rygg i 1907.

Godtemplarkoret

vart skipa på Sandane i 1907.

Rygg indremisjonsforening

vart skipa i 1910.

Snøklokka

lokallag for Norsk Samemisjon, vart skipa i 1910.

Årdal misjonsforening

for Det Norske Misjonsselskap vart skipa ca. 1910. Bygda fekk sundagsskule ca. 1915 og barnelag i 1917.

Misjonssambandets kvinneforening

i Gloppen vart skipa i 1910.

Støyva kvinneforening

på Breim vart skipa i 1912.

Sjømannsforeninga i Breim

for Den Ytre Sjømannsmisjon vart skipa i 1912.

Myklebust misjonskvinnelag

i Breim vart skipa i 1912.

Høygardane santallag

i Breim vart skipa i 1913. Desse grendene fekk sundagsskule på 1920-talet og i 1963 barnelaget ”Den vesle hjelparen”.

Eggedalens kvinneforening

for misjonen vart skipa i 1914. Eggedalen fekk ei barneforening ca. 1917. Bergheim krins fekk sundagsskule i 1934.

Gimmestad og Arnestad kvinnelag

for Santalmisjonen vart skipa i 1914.

Austrheim Musikklag på Gloppestadstøylen, truleg i 1918. Foto frå ”Soga om Gloppen og Breim”.

Austrheim Musikklag på Gloppestadstøylen, truleg i 1918. Foto frå ”Soga om Gloppen og Breim”.

Austrheim Musikklag

vart skipa i 1916, men det var først i 1920 at laget kom skikkeleg i gang. Musikklaget fekk tilnamnet ”Smiemusikken” fordi den heldt øvingane i smia til Jørgen Gloppestad. Kolbjørn Austrheim (1902-1981) var leiar for Austrheim Musikklag i mange år.

Myklebustdalen Songlag

i Breim var skipa kring 1. verdskrig. – sjå elles Byrkjelo Mannskor.

Myklebustdalen Songlag, truleg rundt 1920.

Myklebustdalen Songlag, truleg rundt 1920.

I.O.G.T-losje

for fråhaldsfolket i Rygg krins vart skipa i 1917.

Sandane Vel

vart skipa i 1918. Det var vanskane med mjølkeleveransane til tettstaden under 1. verdskrig som var opptakten til skipinga av laget. Foreninga vart difor også kalla ”Sandane mjølkeforsyning”.

Arne Hunskårs salongorkester i 1936. Foto: Lyslo.

Arne Hunskårs salongorkester i 1936. Foto: Lyslo.

Arne Hunskårs salongorkester

vart starta på Breim i 1920. Laget spela konsertmusikk og hadde opptil 15 medlemer. Salongorkesteret var aktivt fram til 2. verdskrig.

Nesstranda misjonsforening

for Det Norske Misjonsselskap i Breim vart skipa litt før 1920.

Kvinneforeninga for NML

- Norsk Luthers Misjonssamband, vart skipa på Sandane i 1920.

Nesstranda misjonsforening

for Det Norske Misjonsselskap i Breim vart skipa litt før 1920.

Kvinneforeninga for NML

- Norsk Luthers Misjonssamband, vart skipa på Sandane i 1920.

Sandane Redningsforening på tur i 1928. Frå venstre Jenny Ryssdal, Kristina Aaland, Jenny Sorterup, Kristina Ryssdal, sjåføren Sjur Øvrebø, fru Eriksen og fru Støve. Dei to mennene som sit framme med sjåføren har vi ikkje namna på. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Sandane Redningsforening på tur i 1928. Frå venstre Jenny Ryssdal, Kristina Aaland, Jenny Sorterup, Kristina Ryssdal, sjåføren Sjur Øvrebø, fru Eriksen og fru Støve. Dei to mennene som sit framme med sjåføren har vi ikkje namna på. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Sandane redningsforening

vart skipa i 1924.

Solglimt barnelag

for Kinamisjonen vart skipa i Kandal i 1925. Bygda hadde fått sundagsskule i 1922 og yngreslag i 1952.

Doggdråpen barnelag

for NLM vart skipa i Myklebustddalen i 1924.

I.O.G.T-losjen Breimingen

vart skipa på Reed i 1924.

Krinslosje Veten

vart skipa i 1927 for I.O.G.T-losjane i Gloppen og Breim kommunar.

Austrheim mannskor

vart skipa i 1927.

Sandane kristelege ungdomslag

vart skipa i 1928.

Hole barneforening

Hole skulekrins i Breim vart skipa i 1930.

I.O.G.T.-losje Dagning

på Austrheim vart skipa i 1930

Breim kristelege ungdomslag

vart skipa i 1932.

Jubilo

var eit kristeleg songkor som vart skipa på Sandane i 1932. Koret vart den første tida kalla ”bedehuskoret”.

Concordia

var eit kristeleg skulelag ved Firda Gymnas som vart skipa i 1932. I 1941 fekk laget eige songkor som kalla seg ”Ekko”.

Eide redningsforening

vart skipa i 1933

Sandane santallag

for misjonen vart skipa i 1933.

Sjømannsmisjonsforening

for Den Indre Sjømannsmisjon vart skipa i Breim i 1934.

Bukta redningsforening

vart skipa i 1937.

Gloppen Husmorlag

vart skipa i 1937 med 41 medlemer frå starten. Laget arbeidde m.a. mykje for å få innført skuletannrøkt i kommunen.

Kandal sjømannslags kvinneforening

vart skipa i 1938.

Hallenkvartetten

var eit danseorkester som vart skipa på Breim under 2. verdskrig. Gruppa gjekk på folkemunne som ”Halliokvartetten” etter ein trykkfeil i ein danseannonse i ”Firda Tidend”.

Sandane Røde Kors hjelpekorps

vart skipa i 1941.

Sandane Røde Kors

vart skipa i 1944.

Breim Hornmusikk

vart skipa i 1945. I 1986 slo det seg saman med Sandane Hornmusikk til Gloppen Janitsjar.

Breim Bonde og Småbrukarlag

vart skipa i 1946.

Sandane Mannskor

vart skipa i 1950 og vart drive til 1962. Også i krigsåra 1941–1945 var det eit mannskor på Sandane.

Hyen Bondekvinnelag

vart skipa i 1952. I 2002 skifta det namnm til Hyen Bygdekvinnelag.

Hyen Bygdekvinnelag

– sjå Hyen Bondekvinnelag.

Nesjane Bondekvinnelag

vart skipa i 1952. I 2002 skifta det namn til Nesjane Bygdekvinnelag.

Nesjane Bygdekvinnelag

- sjå Nesjane Bondekvinnelag.

Årdalskløveren

vart eit lag som høyrde til Den Indre Sjømannsmisjon og vart skipa i Årdal i Breim i 1953. I 1976 fekk grenda ei misjonsgruppe for ungdom.

Byrkjelo sjømannsforening

vart skipa i 1953.

Byrkjelo Mannskor i 1960.

Byrkjelo Mannskor i 1960.

Byrkjelo Mannskor

vart starta i 1954 og var aktivt fram til kring 1975. Laget hadde utspringet sitt i ei songgruppe i ungdomslaget i Myklebustdalen. – Sjå elles Heimlid ungdomslag.

Gitarklubben

vart skipa av ei gruppe kvinner kring Gloppefjorden midt på 1950-talet. I dei omlag 30 åra klubben var i drift, heldt dei konsertar både i og utanfor kommunen.

Hageselskapet Gloppen Hagelag

vart starta i 1961. I 1989 vart det kåra til Årets Hagelag i Noreg.

Breim skulemusikk i 1990. Framme frå v. Solgunn Flølo, Irene Flølo, Linda Therese Myklebust og Anne Jette Skinlo. Andre rekkje frå v. dirigent Kjetil Kårstad, Per Thomas Seppola Reed, Trond Ravnestad, Birgitte Marie Skinlo, Marianne Geitrheim Sæthre, Jennie Helle Bolstad og Bente Helen Sæthre. Bak frå v. Jan Roger Myklebust, Kjetil Bjørkelo, Frode Støyva, Gry Anette Skinlo, Monica Pettersen, Linda Pettersen og Anette Støyva. Foto: Per Svein Reed.

Breim skulemusikk i 1990. Framme frå v. Solgunn Flølo, Irene Flølo, Linda Therese Myklebust og Anne Jette Skinlo. Andre rekkje frå v. dirigent Kjetil Kårstad, Per Thomas Seppola Reed, Trond Ravnestad, Birgitte Marie Skinlo, Marianne Geitrheim Sæthre, Jennie Helle Bolstad og Bente Helen Sæthre. Bak frå v. Jan Roger Myklebust, Kjetil Bjørkelo, Frode Støyva, Gry Anette Skinlo, Monica Pettersen, Linda Pettersen og Anette Støyva. Foto: Per Svein Reed.

Breim skulekorps

vart skipa i 1964.

Gloppen Jentekor

vart skipa av Ellen Johanne Gjestland (Mjelva) i 1969. Koret var i mange år eitt av dei beste i landet, og vann fleire prisar. I 1990 vart koret tildelt Fylkeskulturprisen.

Gloppen Jentekor i 1991. Foto: Lyslo.

Gloppen Jentekor i 1991. Foto: Lyslo.

Breim spelemannslag

vart starta i 1970 etter opptak av John Oddvar Kandal. Laget hadde røtene sine i Breimsmusikken og Per A. Støyvas ensemble og haddde på det meste 20 medlemer. I dei seinare åra har det vore mindre aktivitet i spelemannslaget.

Breim spelemannslag på ein øvingskveld midt på 1990-talet. Sitjande frå v: Ola Aardal, Johan Bjørnereim og Peder Råd. Ståande frå v: Aslak Hilde, Kåre Apalset, Bjørn Ravnestad, Kjetil Bjørkelo, Aslak Johnsen, Line Hauge, Kjell Thue, Reidar Aardal, Randi Støyva, Kari Synneva Raad, Håkon Råd og Reidar Egge.

Breim spelemannslag på ein øvingskveld midt på 1990-talet. Sitjande frå v: Ola Aardal, Johan Bjørnereim og Peder Råd. Ståande frå v: Aslak Hilde, Kåre Apalset, Bjørn Ravnestad, Kjetil Bjørkelo, Aslak Johnsen, Line Hauge, Kjell Thue, Reidar Aardal, Randi Støyva, Kari Synneva Raad, Håkon Råd og Reidar Egge.

Hyen Spelemannslag

vart skipa i 1970 etter opptak av Ole Tormod Ommedal som også starta Hyen skulekorps i 1969. Laget har 20 medlemer frå austre og vestre Hyen.

Hyen skulekorps

vart skipa i 1970.

Rygg Musikklag

er eit kristeleg musikklag som vart skipa i 1974.

Gloppen har enormt mykje å by på for dei som likar å gå i fjellet. Her går turen mot Gjegnabu ved Ålfotbreen. Foto: Ole Johannes Øvretveit, NRK.

Gloppen har enormt mykje å by på for dei som likar å gå i fjellet. Her går turen mot Gjegnabu ved Ålfotbreen. Foto: Ole Johannes Øvretveit, NRK.

Midtre Nordfjord Turlag

vart skipa i 1978 og har medlemer frå kommunane Eid og Gloppen. Laget hadde i 2005 348 medlemer.

Sandane Småbåtlag

vart stifta i 1978. Laget har bygt småbåthamn med fire brygger og 63 båtplassar på Øyrane.

Småbåthamna på Øyrane, med Sandane i bakgrunnen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Småbåthamna på Øyrane, med Sandane i bakgrunnen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gloppen Bonde og Småbrukarlag

vart skipa i 1983.

Gloppen Pensjonistlag

vart skipa i 1983.

Gloppen Janitsjar. Foto: Firda Tidend.

Gloppen Janitsjar. Foto: Firda Tidend.

Gloppen Janitsjar

vart skipa i 1986 ved at Sandane Hornmusikk og Breim Hornmusikk vart slegne saman og heldt felles konsertar. Den formelle samanslåinga skjedde i 1989 då dei to lokale korpsa samstundes vart lagde ned.

Frå ein av kabaretane til Breimskoret. Foto: Hans Jakob Reite, NRK.

Frå ein av kabaretane til Breimskoret. Foto: Hans Jakob Reite, NRK.

Breimskoret

vart starta i 1986. Koret, som tel 30 medlemer, har sett opp ei rekkje kabaretar. Desse er svært populære. I 2013 var det 1336 som betalte billett for å sjå kabareten Kaffe Latte(r).

Gloppen Hardingfelelag

vart starta i 1986.

Fjæra Bluesklubb

Vart starta i 1991. Klubben arrangerer festivalen Fjordblues.

Norsk Country Treff

- ein festival for countrymusikk - vart skipa for første gong i 1995.

Hyen Utviklingslag

vart skipa i 2001 og arbeider m.a. for å styrke infrastrukturen og skaffe arbeidsplassar til bygda. Sentrale personar frå starten har vore Erik Hope, Ole-Matias Aa, Eldar Rønnekleiv, Aud-Kari Solheim og Margrete M. Tonheim.

Eggenipa Opp

er eit motbakkeløp som vart arrangert for første gong i 2005. Målet er toppen av Eggenipa på 1338 m.o.h. Løpet har ei total stigning på 1080 meter.

Eggenipa. Foto: Kåre Nyland.

Eggenipa. Foto: Kåre Nyland.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.03.2014