Hopp til innhold
X
Innhald

Laksefisket i Gloppen

Stolte laksefiskarar med dagsfangsten sin utanfor Sivertsens Hotell. Foto frå Ljøren.

Stolte laksefiskarar med dagsfangsten sin utanfor Sivertsens Hotell. Foto frå Ljøren.

Både i Gloppen og Hyen har laksefisket i elvar og i fjorden gjeve gode tilleggsinntekter til bygdefolket. Storelva i Gloppen trekte til seg rikfolk som også la att varige verdiar i bygda i form av tilskot til industri og skular, og i Hyen vart det bygt eit eige ”laksefiskarhotell”.

Gloppeelva  har sidan 1870-talet trekt til seg pengesterke laksefiskarar. Dette biletet av nedste delen av elva er teke i 1928 av Carl Normann. © Fylkesarkivet.

Gloppeelva har sidan 1870-talet trekt til seg pengesterke laksefiskarar. Dette biletet av nedste delen av elva er teke i 1928 av Carl Normann. © Fylkesarkivet.

Engelskmennene først ute

Ei viktig turistgruppe var laksefiskarane. I 1879 skreiv engelskmannen Fred Stafford leigekontrakt for heile Storelva for 12 år. Eitt vilkår var at det gamle nyttefisket med kastenot og laksegardar skulle stoppast. I Evebøfossen vart det bygt laksetrapper i 1878 og 1880. Nokre laksefiskarar kjøpte seg både gard og grunn midt i det som no er Sandane sentrum. Holvikgarden vart i 1867 kjøpt av lensmann Arnoldus von Westen Sylow Lund. Ein annen rikmann som leigde seg både store fiske- og jaktrettar i Gloppen, var bergensmannen Hugo Mowinckel. Han kjøpte fiskeretten i Gloppeelva i 1905. Etter nokre år vart retten seld via ein annan bergensar til Sivertsen-familien på Sandane, som hadde retten til grunneigaren Kjell Jan Evebø kjøpte den tilbake til familien i 2012.

Engelsk laksefiskar i Hyen i 1996. Foto frå tv-reportasje: Steinar Lote, NRK.

Engelsk laksefiskar i Hyen i 1996. Foto frå tv-reportasje: Steinar Lote, NRK.

I Hyen vart elva ved Straume og på Hope, fram til Svofossen, i lang tid leigd ut til norske rikfolk. Ein bergensar som heitte Blaauw, og som også dreiv oppkjøp av fossar, leigde elva på Hope og leigde den vidare ut til engelskmenn. Sist inne i denne elva var Bergen Sportsfiskerforening før elveeigarane sjølve tok over omsetninga av fiskerettane.

Den amerikanske rikmannen William Singer var mellom dei som sikra seg fangst i Gloppeelva. Her sit han til høgre, til venstre kleppar Ole G. Ryssdal. Foto utlånt av Anna Rygg Kleppenes.

Den amerikanske rikmannen William Singer var mellom dei som sikra seg fangst i Gloppeelva. Her sit han til høgre, til venstre kleppar Ole G. Ryssdal. Foto utlånt av Anna Rygg Kleppenes.

Bergheimsluken. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bergheimsluken. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bergheimsluken

Bergheimsluken er kjend som ein av dei beste slukane for laksefiske, og vart forma og sett i produksjon i 1936 av Anders N. Bergheim frå Byrkjelo. Han budde då i Dale i Sunnfjord, men flytta seinare produksjonen til heimbygda Breim. Bergheimsluken er forma som ei lita sild og hadde tre-krokar både i enden og på sidene.

Sluken var anten heilt kopar- eller sølvfarga eller med sølv og raudt. Anders Bergheim dreiv produksjon av sluken fram til han døydde i 1986. Laksefiskaren Bjarne Huseklepp frå Leirvik har ført tradisjonen vidare og produserer kring 500 Bergheimslukar i året.

Strilar leigde lakseverpe

Fjordfiske etter laks gav mange gardsbruk gode inntekter - særleg der ein kunne drive laksefiske med såkalla lakseverpe (laksegilje), som t.d. ved Holme og Aa i Hyen og kring Hestenesøyra.

I Aabukta i Hyen finn vi desse minna etter ei tid med rikare laksefiske - eit utkikstårn i stein og eit notnaust. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I Aabukta i Hyen finn vi desse minna etter ei tid med rikare laksefiske - eit utkikstårn i stein og eit notnaust. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Unntak frå laksefredinga

I 2003 vedtok Stortinget at 37 lakseførande elvar og 21 fjordar i Noreg skulle gjevast spesielt vern for å berge dei norske villaksstammane. I 2006 vart talet utvida til 52 vassdrag og 29 fjordar. Ein av dei nasjonale laksefjordane er Nordfjorden innanfor ei grense som går om lag ved Isane, og dei fleste lakseelvane aust for denne grensa er underlagt det same vernet. Det mest radikale ved dette vernet er at det vert sett forbod mot nye oppdrettsanlegg, og styresmaktene er spesielt restriktive med å gje løyve til kraftutbygging i lakseførande delar av vassdraga som vernet gjeld. Men i Nordfjord vart det gjort unntak for Gloppefjorden og Hyefjorden med tilhøyrande lakseelvar. Grunnen til dette var at det alt var store oppdrettsanlegg ved Hyefjorden og smoltoppdrett både ved Hyefjorden og på Ryggøyra ved Gloppefjorden.

Gloppefjorden vart unnateke frå restriksjonane som ligg i at Nordfjorden er nasjonal laksefjord. Her ser vi mot Sandane til venstre i biletet frå Sørstranda. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gloppefjorden vart unnateke frå restriksjonane som ligg i at Nordfjorden er nasjonal laksefjord. Her ser vi mot Sandane til venstre i biletet frå Sørstranda. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.03.2012