Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Henden

Huset som Olav L. Henden bygde i 1923 og som var både bustadhus og bakeri. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Huset som Olav L. Henden bygde i 1923 og som var både bustadhus og bakeri. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lars Henden frå Hennebygda starta bakeri i eit lite hus på Austrheim tidleg på 1900-talet. Sonen Olav L. Henden bygde eit kombinert bakeri- og bustadhus like ved riksvegen i 1923, og tok over bakeriet på slutten av 1930-talet.

Olav dreiv bakeriet sjølv til ut på 1960-talet. Då vart det i ein kort periode leigd ut til bakar Erling Ødven før det vart lagt ned for godt i 1969.

Broren til Olav L. Henden, Abraham Henden, dreiv jernvarehandel og sal av dynamitt i eit bygg som stod på nedsida av vegen like ved bakeriet. Sonen Lars Oluf Henden tok over denne handelen og dreiv til midt på 1970-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.10.2009