Hopp til innhold
X
Innhald

Lokale dyredokterar

Husdyrsjukdomen skabb herja hardt i husdyrflokkane på Vestlandet midt på 1800-talet. I Nordre Bergenhus Amt (Sogn og Fjordane) vart det difor i 1860 tilsett 10 «skabbcurerere», men folk hadde ofte større tru på lokale «medisinmenn».

Kukkeluring med dyra

Ein av dei var Jetmonde Arnestad – kalla «Arnestadnesen » - eller berre «Kukkelen», etter der han budde - på Kukkelberget. Når han prøvde å drive sjukdomen ut av dyra, så sa folk difor at han «kuklementerte» eller «kukkelerte». Dette var eit uttrykk som heldt seg i Nordfjord-dialekten i lang tid. Han brukte m.a, raudkritt og bever-nyre (!) som medisin.

Den andre store bygdedokteren i Nordfjord på 1800-talet var Mattis Olson Loen.

Ein annan sjølvlærd dyrlege var Rasmus J. Ryssdal, kalla «Gamle-Ryssdalen». Han vart rekna som synsk, og folk søkte han heilt frå Ryfylke til Nordmøre for sjukdom både på folk og dyr.

Den andre store bygdedokteren i Nordfjord på 1800-talet var Mattis Olson Loen.

Første amts-dyrlegen i Sogn og Fjordane vart tilsett i 1852, men først i 1893 vart det skikk på dyrlegetenesta i Nordfjord, då J.N. Bruland vart tilsett, med bustad i Gloppen. I 1898 overtok den danskfødde Einar Sorterup stillinga.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018