Hopp til innhold
X
Innhald

Marte Rygg Årdal

Marte Rygg Årdal i junior-EM i 2011. Foto: Thore-Erik Thoresen, NRK.

Marte Rygg Årdal i junior-EM i 2011. Foto: Thore-Erik Thoresen, NRK.

Marte Rygg Årdal fødd 1992 i Gloppen. Friidrettsutøvar. Som 16-åring tok ho bronse i slegge i senior-NM med eit bestekast på 53,88. I 2011 sette ho ny norsk juniorrekord i slegge med 62,73. Same året vart ho nummer sju i slegge i junior-EM. I junior-NM 2011 tok ho gull i slegge og sølv i kule. I ungdoms-NM same året tok ho to gullmedaljar og ein sølvmedalje, og ho fekk bestemannspremien i kast. Ho vart og nordisk juniormeister i slegge i 2011.

I junior-NM 2013 vart ho nummer to i slegge. I senior-NM same året vart det sølvmedalje i slegge. I senior-NM 2014 tok ho bronsemedalje i slegge.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2016