Hopp til innhold
X
Innhald

Melin Medical AS

Partner Anton Lorenz Bondesen og dagleg leiar Ingvill Hestenes med beviset på at Melin Medical vart Årets gründer i Sogn og Fjordane 2013. Foto: Truls Kleiven.

Partner Anton Lorenz Bondesen og dagleg leiar Ingvill Hestenes med beviset på at Melin Medical vart Årets gründer i Sogn og Fjordane 2013. Foto: Truls Kleiven.

Melin Medical AS vart starta av Jesper M. Ganc-Petersen på Sandane i 2010. Verksemda utvikar og produserer betalingsterminalar for helsevesenet. I 2013 hadde verksemda til saman 22 tilsette i Oslo og på Sandane, berre i 2013 vart staben på Sandane auka med seks. Same året vart Melin Medical kåra til Årets gründer i Sogn og Fjordane.

I 2014 hadde talet på tilsette på Sandane auka til 12, verksemda omsette for 70 millionar i 2013 og hadde eit resultat før skatt på 13 millionar kroner.


Ein av betalingsautomatane Melin Medical har utvikla. Foto: Birger Meland, NRK.

Ein av betalingsautomatane Melin Medical har utvikla. Foto: Birger Meland, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 14.01.2016