Hopp til innhold
X
Innhald

Meteoritten på Vesle-Kari

Jan Erik Mardal med meteoritten han fann. Privat foto.

Jan Erik Mardal med meteoritten han fann. Privat foto.

I oktober 2001 var Jan Erik Mardal på rypejakt i Jardalen. På fjelltoppen Vesle-Kari fann han ein knyttnevestor stein som han med ein gong tenkte kunne vere ein meteoritt. Han tok med seg steinen til Mineralgeologisk Museum i Oslo, der dei i utgangspunktet var skeptiske. Men dei fann fort ut at dette verkeleg var ein meteoritt.

Dette vart den 13. meteoritten som vart funnen i Noreg. Seinare er det funne ein til. Innhaldet likna svært på ein meteoritt som vart funnen på Mjelleim i Hyen i 1898. Men steinen kan og stamme frå 1960, då det vart observert ei eldkule, og der ein i ettertid fastslo at senteret for nedfallet var i Gloppen.

Meteoritten som Jan Erik Mardal fann på Vesle-Kari. Foto: Tidsskriftet Astronomi.

Meteoritten som Jan Erik Mardal fann på Vesle-Kari. Foto: Tidsskriftet Astronomi.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2016