Hopp til innhold
Eitt av verka til Nikolai Astrup d.y.
Eitt av verka til Nikolai Astrup d.y.
X
Innhald

Nikolai Astrup d.y.

Nikolai Astrup d.y. (1931–1990). Fødd i Telemark, busett i Hyen. Biletkunstnar.

Han hadde fleire studieopphald i Paris 1954–1957, og gjorde også studiereiser til Afrika og fleire europeiske land.

Astrup debuterte med separatutstilling i Paris 1955, og hadde også separatutstillingar i Baltimore Museum of Art og Maryland Institute of Art i USA. Separatutstilling i galleri Kaare Berntsen i Oslo 1961, og dekorasjonsarbeid på Astrupgården i Oslo 1956.

Midt på 1970-talet busette han seg fast i Hyen, der han hadde hytte. Den meir kjende namnebroren Nikolai Astrup frå Jølster var onkelen hans.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.10.2016