Hopp til innhold
X
Innhald

Nils Moldestad Elektro

Nils Moldestad elektro på Byrkjelo. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nils Moldestad elektro på Byrkjelo. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nils Moldestad Elektro på Byrkjelo vart starta av Nils Moldestad i 1970. Forretninga sel elektriske artiklar og er radio- og tv-forhandlar. Moldestad bygde nytt forretningsbygg i 1974 der også Gloppen Sparebank, seinare Sparebanken Sogn og Fjordane, har hatt filial sidan opninga.

Sunde Konfeksjon i Olden hadde i 10 år ein fabrikkfilial i 2. etasje i bygget. I eit lokale i første etasje som no vert leigd ut til bygdeboksamlinga, dreiv Karin Vårdal i nokre år Karins Vevstudio.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.10.2009