Hopp til innhold
X
Innhald

Nils R. Sandal

Fylkesordførar Nils R. Sandal. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Fylkesordførar Nils R. Sandal. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Nils Reielson Sandal fødd 1950 i Breim. Bonde og sjåfør. Politikar for Senterpartiet.

Varaordførar i Gloppen 1984-1986, og ordførar 1987-1999. Fylkesordførar i Sogn og Fjordane frå 1999 til 2011. Han har hatt leiande tillitsverv i m.a. i KS - Kommunenes interesse- og arbeidsgiverorganisasjon. I 2012 vart han vald til styreleiar for Nordfjordkryssing AS, som arbeider for bygging av bru mellom Anda og Lote. I 2012 vart Sandal vald som styreleiar i Norsk Kulturskuleråd.

Nils R. Sandal har på fritida vore initiativtakar til og drivkraft bak Norsk Country Treff på Breim.

I 2014 vart han vald til leiar i Sogn og Fjordane idrettskrins.

I 2011 vart han tildelt æresprisen som Senterpartiet deler ut til ordførarar.

Bror til Per Sandal.

Nils R. Sandal i aksjon som vegopnar, her står han for opninga av rassikringsprosjektet Naustbukttunnelen i Årdal. Foto: Kjellrun Lavik, NRK.

Nils R. Sandal i aksjon som vegopnar, her står han for opninga av rassikringsprosjektet Naustbukttunnelen i Årdal. Foto: Kjellrun Lavik, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.04.2014