Hopp til innhold
X
Innhald

Nils Skinlo

Skinlo & Co. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skinlo & Co. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nils Skinlo starta i 1935 skreddarverkstad på Sandane, og hadde ei tid fem tilsette. I 1951 skipa han firmaet om til Skinlo & Co. og starta klesbutikk. Han bygde ein stor treetasjes bygning ved Firdavegen der det i tillegg til eigen butikk var plass til tre andre butikkar i sokkeletasjen.

Bygget elles var innreidd til husvære. Sonen Odd Petter Skinlo tok over som dagleg leiar i 1968, og i dag er også tredje generasjon, Øystein Skinlo, med i butikkdrifta.

Nordea Bank leiger lokale i Skinlo-bygget.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.10.2009