Hopp til innhold
X
Innhald

Nordfjord Trykkeri

Annonse for avisa Nordfjord.

Annonse for avisa Nordfjord.

Nordfjord Trykkeri vart starta på Sandane i 1896 av eit interessentselskap der Ole J. Nyhagen var forretningsførar. Hovudoppgåva var å gje ut bygdebladet ”Nordfjord”, men trykkeriet produserte også andre trykksaker på bestilling. Ole J. Nyhagen overtok etter kort tid både avisa og trykkeriet.

Sønene Jens, Kristen og Agnar kom også med i verksemda som heldt til i det såkalla Lyslohuset i sentrum fram til kring 1921. Då bygde Nyhagen sjølv eit kombinert forretnings- og bustadhus.

Ole J. Nyhagen var redaktør og disponent fram til avisa vart stoppa av tyskarane i 1942. Etter dette kom ikkje avisa ”Nordfjord” i gang att, og flatpressa og dei andre trykkerimaskinane vart selde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.10.2009