Hopp til innhold
X
Innhald

Nordfjord ungdomsskule

Nordfjord Folkehøgskule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordfjord Folkehøgskule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordfjord ungdomsskule på Vereide starta i 1923 som kristeleg folkehøgskule. Frå før var det skipa kristelege folkehøgskular i Førde og Balestrand. Skulen skulle danne ei åndeleg motvekt mot den radikalisme som kristenfolket ottast vart drege inn i bygdene m.a. med gymnaset på Sandane, og tidlegare gjennom Elias Melvær sin aktivitet ved Amtsskulen på Apalset.

Indremisjonen stod for drifta av skulen, som fekk eige bygg i 1924, der internatet romma 70 elevar. Bertel Kaale var første styrar frå 1923 og til han døydde i 1937. Skulen heiter i dag Nordfjord folkehøgskule.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.01.2011