Hopp til innhold
X
Innhald

Norsk Country Treff

Norsk Country Treff i 2010. Foto: Per Svein Reed.

Norsk Country Treff i 2010. Foto: Per Svein Reed.

Norsk Country Treff - ein festival for countrymusikk i Breim – vart skipa til for første gong i 1995. Det året var det 2000 besøkande på festivalen, i 2009 hadde talet auka til vel 13.000.

Bortimot halvparten av innbyggjarane i Breim – 600 i talet - er med som funksjonærar på arrangementet.

Festivalen med artistansvarleg Nils R. Sandal i spissen har fått fleire av dei største internasjonale countrystjernene til Breim.

Kulturminister Anniken Huitfeldt og Nils R. Sandal i samband med at Norsk Country Treff vart utpeikt til knutepunktfestival. Foto: Knut M. Olsen.

Kulturminister Anniken Huitfeldt og Nils R. Sandal i samband med at Norsk Country Treff vart utpeikt til knutepunktfestival. Foto: Knut M. Olsen.

I 2011 gav Kulturdepartementet Norsk Country Treff status som knutepunktfestival. Det inneber m.a. eit statleg tilskot på 1,2 millionar kroner årleg til festivalen.

Festivalen trekkjer countryelskarar frå heile landet til Breim. Foto: Tone Lin Støfring, NRK.

Festivalen trekkjer countryelskarar frå heile landet til Breim. Foto: Tone Lin Støfring, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.09.2011