Hopp til innhold
X
Innhald

Odd-Bjørn Hjelmeset

Odd-Bjørn Hjelmeset. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Odd-Bjørn Hjelmeset. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Odd-Bjørn Hjelmeset, fødd 1971, frå Hjelmeset. Langsrennsløpar, medlem av Fjellhug/Vereide-Hyen Skilag.

VM-gull i stafett i 2001

Han slo gjennom i 1991 då han var med på laget som tok stafettgull under junior-VM i Reit im Winkl. Sidan han kom med i den nasjonale elitegruppa 1998, har Hjelmeset m.a. VM-bronse på 10 km klassisk i Ramsau 1999, bronse på 15 km og gull i 4x10 km stafett frå Lathi-VM 2001.

Sølv og bronse i OL

Han kom på tredjeplass i verdscupen samanlagt i 2000, då han vann tre renn. Bronse på 50 km i OL Salt Lake City 2002 og sølv på 4x10 km stafett i Ol i Vancouver i 2010. På femmila i Vancouver vart han nummer 17.

Odd-Bjørn Hjelmeset (t.v.) slår Frode Estil i spurten og blir verdsmeister på femmila i 2007. Foto: Cornelius Poppe, SCANPIX.

Odd-Bjørn Hjelmeset (t.v.) slår Frode Estil i spurten og blir verdsmeister på femmila i 2007. Foto: Cornelius Poppe, SCANPIX.

VM-gull på femmila i 2007

Hjelmeset tok bronse på 50 km klassisk i VM i Oberstdorf 2005, og gull på 4x10 km stafett i VM i 2005, 2007 og 2009. I VM i Sapporo i 2007 tok Hjelmeset gull på 50 km klassisk, og vart med denne sigeren den første frå Sogn og Fjordane som vart verdsmeister i ei individuell idrettsøving.

Ni NM-titlar

Han har til og med 2006 teke ni Noregsmeisterskap: Fellesstart 30 km (2000), sprint (2001), 10-kilometer (2001, 2003), 30 kilometer (2002) jaktstart (2001), skiathlon (2003), 15-kilometer (2004 og 2006).

NM-medaljar i friidrett

Hjelmeset har vunne Birkebeinarrennet to gonger, og har også teke medaljar i nasjonale friidrettsmeisterskap på 3000 meter hinder og i motbakkeløp. Utnemnd til æresmedlem i Fjellhug/Vereide i 2006. Tildelt Gloppen kommune sin kulturpris i 2007. Kåra til Årets namn i norsk idrett i 2007. Tildelt Fylkeskulturprisen i 2008.

La opp i 2011

Hjelmeset la opp den aktive skikarrieren sin i 2011 då han ikkje greidde å kvalifisere seg til VM i Holmenkollen, men han fekk ta avskil med norsk langrennspublikum med å gå femmila i Holmenkollen i 2012, 19 år etter at han debuterte i verdscupen på same staden.

TV-karriere

Etter at han la opp vart han ekspertkommentator for TV2-sporten, og var m.a. ekspedisjonsleiar for TV-programmet «Ingen grenser».

Egebergs Ærespris

I 2012 vart han tildelt Egebergs Ærespris. Prisen blir tildelt idrettsutøvarar som hevdar seg på topp internasjonalt i ei idrettsgrein og på topp nasjonalt i ei anna idrettsgrein. Hjelmeset får prisen for prestasjonane sine i langrenn og friidrett og i tillegg er ein god rollemodell. Han er den første frå Sogn og Fjordane som får denne høge utmerkinga.

Frå v. Lars Berger, Odd-Bjørn Hjelmeset, Eldar Rønning og Petter Northug med gullmedaljane etter sigeren på stafetten i Sapporo i 2007. Foto: Cornelius Poppe, SCANPIX.

Frå v. Lars Berger, Odd-Bjørn Hjelmeset, Eldar Rønning og Petter Northug med gullmedaljane etter sigeren på stafetten i Sapporo i 2007. Foto: Cornelius Poppe, SCANPIX.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.10.2013