Hopp til innhold
X
Innhald

Oddmund B. Austrheim

Snikkarverkstaden som Austrheim bygde i 1955 har seinare husa Sandane Metallstøyperi. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Snikkarverkstaden som Austrheim bygde i 1955 har seinare husa Sandane Metallstøyperi. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Oddmund B. Austrheim bygde snikkarverkstad ved riksvegen på Austrheim i 1955. Oddmund var son til norskamerikanaren Berent A. Austrheim som bygde eit elektrisk drive sagbruk og høvleri på Austrheim så tidleg som i 1911. Berent A. Austrheim selde saga og høvleriet til brørne Anders og Karl Solheim i 1919.

Oddmund B. Austrheim dreiv snikkarverkstaden med opp til fire tilsette fram til 1975 då lokala vart leigd bort til Søreide skule og nytta til yrkesopplæring. Oddmund underviste.

Frå 1991 til ca. 2001 vart lokala vorte nytta av Sandane Metallstøyperi.

– Sjå elles Brødrene Solheim Trelast.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.01.2011