Hopp til innhold
X
Innhald

Ola Sande

Ola Sande (1877-1963) frå Sandane. Lærar og organisa-sjonmann, som m.a. var formann i Firda Ungdomslag 1908–1933.

Ola Sande (1877-1963) frå Sandane. Lærar og organisa-sjonmann, som m.a. var formann i Firda Ungdomslag 1908–1933.

I denne tida tok han initiativet til skiping av Nordfjord Folkemuseum på Sandane. Han var også med i skipingsnemnda for Firda Gymnas i 1922.

Ola Sande var aktiv i fråhaldsrørsla og var m.a. stortemplar i Norges Storlosje av I.O.G.T.

Tildelt kongens fortenestemedalje i gull og æresmedlem i Firda Ungdomslag.

Ola var bror til Per Sande og far til Olav Sande fødd 1908, som flytta til Florø og m.a. dreiv Stad Radiofabrikk, reisebyrå og Ford-agentur for Sogn og Fjordane. (Sjå Olav Sande - forretningsmannen.)

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.01.2011