Hopp til innhold
X
Innhald

Olaf Devik

Olaf Devik (1886–1987) i Devik. Meteorolog, fysikar, dr. philos.

Olaf Devik (1886–1987) i Devik. Meteorolog, fysikar, dr. philos.

Cand. real. ved Universitetet i Oslo 1911. Arbeidde m.a. som assistent for den kjende fysikaren, professor Kristian Birkeland 1908-1911, og arbeidde også som forskar ved Heidelberg-universitetet 1913–1914. I 1915 gav han ut eit epokegjerande arbeid om ver- og stormvarsel.

Stormvarslingstenesta

Devik var styrar ved Halddeobervatoriet i Finnmark 1915–1918 og var med og bygde opp stormvarslingstenesta ved Geofysisk Institutt i Tromsø 1918-1922. I 1922 vart han dosent ved NTH, og forskar ved Chr. Michelsens Inst. frå 1932. Devik var frå 1938 ekspedisjonssjef i Kyrkjedepartementet. Æresmedlem i Oslo Geofysikeres Forening.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.01.2011