Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Sande - forretningsmannen

Olav Sande. Privat foto.

Olav Sande. Privat foto.

Olav Sande (1908-1991) frå Sandane. Forretningsmann på Sandane og i Florø.

Sande vart ein av dei store og mest allsidige forretningsmenn i Florø frå 2. verdskrig og mannsalderen etter.

Som ung mann hadde Sande i 1931 starta fotoforretning, seinare også radioforretning i heimbygda Sandane. Her bygde han også radioapparat. Han la ned verksemda på Sandane då krigen braut ut fordi han ikkje ville hjelpe tyskarane med teknisk utstyr og reparasjonar.

I 1946 flytta Olav Sande til Florø, der han bygde stort forretningsbygg og starta radiofabrikken Vest Radio, Vest Foto, bensinstasjon, og vart bilforhandlar med Ford-agenturet for Sogn og Fjordane. Radiofabrikken laga fleire hundre radioapparat under varemerket «Stad», men vart nedlagt etter ein brann i 1952.

Firdavegen 30, der Olav Sande hadde basen sin fram til 1971. No held verksemda Mekanico til der. Foto:Kjell Arvid Stølen, NRK.

Firdavegen 30, der Olav Sande hadde basen sin fram til 1971. No held verksemda Mekanico til der. Foto:Kjell Arvid Stølen, NRK.

Eit anna Sande-selskap - A/S Momentan - vart skipa for å produsere eit sjølvkonstruert kombi-apparat med høgttalande telefon og radio i eitt. Den allsidige Sande hadde også planar om koffertfabrikk, starta urmakarforretning, og Sande Reisebyrå med kontor i Florø og Alta.

Reisebyrået var i drift til slutten av 1980-talet. Olav Sande hadde også ekspedisjonen av sjøflyrutene som trafikkerte Florø før småflyplassen vart opna i 1971 - Flysamband og lufthamna i Florø.

Som Ford-forhandlar var Olav Sande i mange år den nest største bilforretninga i fylket etter Volkswagen-forhandlar Erling Berge i Førde (sjå Forretningsfamilien Berge). I 1971 flytta bilforretninga inn i stort nybygg - Sande Bilsenter - på Evja.

Son til Ola Sande.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.05.2010