Hopp til innhold
X
Innhald

Ole Skrivervik

Huset der Skrivervik-butikken på Austrheim heldt til. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Huset der Skrivervik-butikken på Austrheim heldt til. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ole Skrivervik (f. 1881) starta landhandel på Austrheim i 1913. Skrivervik var underoffiser og dreiv butikken i kombinasjon med å gjere offisersteneste ved bataljonsamlingane på Nordfjordeid.

Sonen Erling Skrivervik overtok som dagleg leiar tidleg på 1950-talet og dreiv butikken fram til han la ned i 1979.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.10.2009