Hopp til innhold
X
Innhald

Overnattingsverksemder i Gloppen

Gloppen Hotell, tidlegare Sivertsens Hotell på Sandane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gloppen Hotell, tidlegare Sivertsens Hotell på Sandane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sivertsens Hotell på Sandane

- seinare Gloppen Turisthotell og Gloppen hotell. Hotellet vart drive av Sivertsen-familien frå 1846 til 1988.

Gloppen Hotell

- sjå Sivertsens Hotell på Sandane.

Gloppen Mat AS

- sjå Sivertsens Hotell på Sandane.

Hesteskyss utanfor Gordon Hotel på Reed. Kusken heiter Ola Nakken.

Hesteskyss utanfor Gordon Hotel på Reed. Kusken heiter Ola Nakken.

Gordon Hotel

på Reed vart bygd 1882 av Elias Reed.

Gordon Gjestetun

- sjå Gordon Hotel.

Hotell Victoria

vart bygd på Rebakken ca. 1885 av Jacob Neumann Hammer frå Utvik.

Hotel Germania

- seinare Hotel Egge i Breim vart bygt i 1890 av Klaus A. Egge.

Hotel Egge

- sjå Hotel Germania.

På dette biletet frå ca. 1910 ser vi Hotel Gloppen med det karakteristiske tårnet sitt like til høgre for båten som ligg på Gloppefjorden. Foto: Stavanger forenede fotografer og Lars Olsen.

På dette biletet frå ca. 1910 ser vi Hotel Gloppen med det karakteristiske tårnet sitt like til høgre for båten som ligg på Gloppefjorden. Foto: Stavanger forenede fotografer og Lars Olsen.

Hotel Gloppen

bygd ca. 1890 av Marie J. Dombestein, som også dreiv bakeri. Ho gjekk konkurs i 1893, og Rasmus Rygg overtok, deretter broren Kristian. Hotellet med det karakteristiske tårnet vart brannskadd og rive på 1970-talet. På tomta reiste Gjensidige Sogn og Fjordane forretningsbygg i 1977.

Bondeheimen er den næraste bygningen til høgre i biletet, som er teke 17. mai 1945 av Lyslo Foto.

Bondeheimen er den næraste bygningen til høgre i biletet, som er teke 17. mai 1945 av Lyslo Foto.

Bondeheimen

Det som seinare vart Bondeheimen kafé og pensjonat på Sandane vart starta av Lars K. Klakegg i 1905. Han leigde tidlegare Gloppen og Bredheims Handelslag sine lokale. Dottera Karoline Litlerè utvida drifta med overnatting under namnet Bondeheimen. I 1984 vart eigedomen seld til bokhandlar Eikenæs.

Straume Hotell

i Hyen vart bygd av gardbrukar Abel Torleivson Straume kring 1910.

Sandane Hotell, tidlegare Firdaheimen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sandane Hotell, tidlegare Firdaheimen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Firdaheimen

- pensjonat på Sandane vart grunnlagt i 1927 av Ludvig Gåsemyr. Firdaheimen vart driven av same slekta fram til Indremisjonen tok over i 1964. Etter fleire eigarskifte heiter verksemda Sandane Hotell AS.

Sandane Hotell AS

- sjå Firdaheimen.

Gjesteheimen

pensjonat og kafé på Byrkjelo, vart starta av Torolv Hjelle i 1933.

Nesholmen leirstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nesholmen leirstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nesholmen leirstad KFUK-KFUM

ved Storfjorden i vestre Hyen vart bygd av Norges Kristelege Ungdomsforbund i 1949, etter opptakt frå Anders Hjorteset. Leirstaden var først eigd av Nordfjord krins, men frå 1969 vart Sunnfjord krins medeigar.

Byrkjelo Camping

vart starta like før 1950 av Anders Bjørkelo, og var såleis ein av dei første campingplassane i fylket.

Byrkjelo Kafé og pensjonat

vart starta av Karoline Strand kring 1950.

Tidlegare Frøystad Pensjonat. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tidlegare Frøystad Pensjonat. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frøystad Pensjonat

på Breim vart grunnlagt i 1953 av Kari og Karl Frøystad. Pensjonatet hadde 30 gjesterom. Etter at det vart lagt ned som pensjonat på 1980-talet, vart det ei tid nytta som asylmottak. Sidan har det stått ubrukt. I 2014 vart bygningen riven for å gje plass til eit stort bustadhus.

Langjord camping og hytter

i Breim vart starta i 1960 av Sverre og Alfhild Gåsemyr. I 1987 overtok Kjell Gåsemyr som eigar. Campingplassen har i 2008 to større og fem mindre hytter.

Gloppen Camping og fritidssenter AS

i Bukta vart stifta i 1964.

Gloppen har mykje fint som turistane kan kvile auga på. På Reed Camping & Fritid er det utsyn mot Vora. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gloppen har mykje fint som turistane kan kvile auga på. På Reed Camping & Fritid er det utsyn mot Vora. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Reed Camping & Fritid

ved Breimsvatnet vart starta i 1965.

Gåsemyr Camping

ved Bergheimsvatnet i Breim vart starta på slutten av 1960-talet av Olga og Jon Gåsemyr. I 1983 tok sonen Nils Ove over drifta av plassen, som har tre hytter og plass til bubilar og telt.

Gåsemyr Camping.

Gåsemyr Camping.

Hyen Turistsenter

1974, sjå Forretningsfamilien Rønnekleiv.

Columbus Turistsenter

1992, sjå Forretningsfamilien Rønnekleiv.

Vågen motell og camping ANS

i Hyen, stifta i 1994.

Vesla Kalhovd

starta i 1997 gardsturisme på garden sin i Kandalen ved Breimsvatnet.

Hyen Fjordsenter

sjå Forretningsfamilien Rønnekleiv.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.04.2014