Hopp til innhold
X
Innhald

Petter Eide

Petter Eide

Petter Eide

Petter Knutsson Eide fødd 1925 på Sandane. Siv.ingeniør, spelemann, biletkunstnar og allsidig kulturarbeidar.

Sivilingeniøreksamen frå NTH 1952, kunststudiar hjå kunstnaren Roar Matheson Bye, og ei mengd lokale kunstkurs, samt grafikkstudiar ved Statens kunst- og handverksskule. Har arbeidd som vassdragsingeniør i Østlandets Kraftverker, Ytre Fjordane Kraftlag, NVE, og i Vestlandske Kraftsamband/SFE frå 1962 til 1982. Styremedlem i Nordfjord Folkemuseum frå 1967 til 2003, mykje av tida som styreleiar.

Han har m.a. gjort eit stort dokumentasjonsarbeid ved å teikne og fotografere gamle hus og folkedrakter i Nordfjord. Som felespelar var han med og skipa Firda-kvartetten. Han fekk også i fleire år skipa til store folkemusikk- og folkedansstemne i Nordfjord med utanlandsk deltaking, og har vunne førsteprisar på Landskappleiken.

Eide var redaktør av «Jul i Nordfjord» og medarbeidar i «Årbok for Nordfjord» i ei årrekkje sidan 1969. Tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv i 2002, Folkemusikkprisen i Sogn og Fjordane, Gloppen kommune sin kulturpris og Nordfjord sogelag sin heiderspris. Som biletkunstnar har Eide hatt fleire separatutstillingar på lokale galleri. Bror til Gunnar Eide.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.03.2008