Hopp til innhold
X
Innhald

Plan om jernbanehamn på Austrheim

Austrheimsneset til venstre i biletet skulle etter planen ha vorte jernbanehamn. Slik gjekk det ikkje. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Austrheimsneset til venstre i biletet skulle etter planen ha vorte jernbanehamn. Slik gjekk det ikkje. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Bergenbanen til Oslo vart opna i 1909, og i tiåret etter vrimla det av jernbaneplanar i Sogn og Fjordane. Det vart avgjort at sidebana frå Bergenbanen til Sogn og Fjordane skulle gå ned til Flåm. Vik tapte denne kampen. Frå Flåm skulle toga transporterast nord om Sognefjorden med jernbaneferje. På nordsida var m.a. Sogndal – Jostedalen - Ottadalen nemnt som aktuelt lineval, men fylkestinget samla seg om strekninga Vadheim-Sandane som ”stamline”. Ut frå denne stamlina skulle det byggjast sidespor til Høyanger, Florø og Måløy.

Ferjehamn på Austrheim

Ein kom så langt at lina Vadheim-Sandane vart stukken ut. På Sandane skulle skinnene ende i ei ferjehamn på Austrheim. Nordafor fjorden var det strid om jernbanen skulle førast vidare til Sunnmøre, eller koplast til Dovrebanen med jernbane over Strynefjellet til Otta.

Kompensasjonsmidlar

Det vart med planar og stikker, som sto i vegen i slåttegraset på Austrheim nokre år før dei rotna bort! For då var ein komne fram på 1920-talet, og bilen hadde gjort gamle jernbaneplanar avlegs. Den einaste nytta som Vestlandet fekk av alle dei luftige planane om stamjernbane, var såkalla ”kompensasjonsmidlar” som Stortinget løyvde til riksvegbygging i dei distrikta som var lova, men som ikkje fekk jernbane.

Hovudartikkel: Jernbaneplanane i Sogn og Fjordane

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.01.2011