Hopp til innhold
X
Innhald

Post i Gloppen

Dei siste åra har posttenestene flytta over i butikkane. Eldar Rønnekleiv syter for at folk får posten sin i Hyen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dei siste åra har posttenestene flytta over i butikkane. Eldar Rønnekleiv syter for at folk får posten sin i Hyen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gloppen

fekk postopneri i 1844. Postopneriet låg først på garden Rye ved Ryssfjøra, men vart i 1850 flytta til Sandane. Rett nok har Postmuséet registrert at postkontoret i 1850 vart flytta til ”prestegarden” på Sandane, men Gloppen prestegard ligg på Vereide. Forvekslinga kjem nok av at mannen som fekk flyttinga i stand, var den omstridde og stridbare soknepresten Jørgen Meier Heffermehl. Han dreiv på denne tida gjestgiveriet på Sandane. Sokneprest Heffermehl vart sjølv tilsett som postopnar i 1859. Dette var same året som Fylkesbaatane starta rutene til Sandane, og postkontoret der vart eit viktig knutepunkt for postsendingane til vide område i dei indre bygdene i Nordfjord og Jølster. I 1915 vart postadressa endra til Sandene i Nordfjord og i 1921 berre til Sandane. I 2010 vart postkontoret på Sandane lagt ned som det siste i Gloppen kommune. Frå no av får alle innbyggjarane posttenestene i butikk.

Sandene i Nordfjord

- sjå Gloppen.

Sandane

– sjå Gloppen.

I mange år var postkontoret på Sandane i dette huset som Elias Ødven bygde, og der det og var bakeri og butikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I mange år var postkontoret på Sandane i dette huset som Elias Ødven bygde, og der det og var bakeri og butikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ryssfjøra

fekk status som såkalla ”postuttakarstad” i 1867. Dette var nokre år etter at postopneriet var flytta frå garden Rye like ved og inn til Sandane. I gamle papir vert Ryssfjøra omtala som ”Rysfjær”. Ordninga med berre ”postuttak” tok slutt i 1871 då ”Rysfjæren” fekk status som postopneri, og med Torsten A. Rye som første styrar. I 1921 vart postadressa endra til Ryssfjøra. Postopneriet vart lagt ned i 1933.

Rysfjær

– sjå Ryssfjøra.

Rysfjæren

– sjå Ryssfjøra.

Reed ca. 1900. Foto frå tidsskriftet ”Ljøren”.

Reed ca. 1900. Foto frå tidsskriftet ”Ljøren”.

Bredem

postopneri vart skipa på Reed i 1869 med gardbrukar og kyrkjesongar Lars R. Gaasemyr som første poststyrar. Det vart også nytta postadressa Bredeim. I 1889 vart namnet endra til Breim. I 1917 ville poststyret ha endra adressa til Reed eller Reed i Breim, men dette vart avvist av kommunestyret. Postkontoret Breim på Reed vart lagt ned i 1997.

Bredeim

– sjå Bredem.

Breim

–sjå Bredem.

Ivar Øvregaard var første poststyraren på Hestenesøyra.

Ivar Øvregaard var første poststyraren på Hestenesøyra.

Hestenæsøyra

fekk postopneri i 1870 med poststempel Hestenæsøren og med landhandlar Ivar Øvregaard som første poststyrar. I 1890 vart adressa endra til Hestenesøren og i 1921 til Hestenesøyra. I 1973 vart det underpostkontor og i 1977 postkontor C. Postkontoret vart lagt ned i 1998.

Hestenæsøren

– sjå Hestenesøyra.

Hyen

fekk postopneri i 1880 med dampskipsekspeditør Jens A. Strømme som første styrar. I 1921 ville poststyret ha adressa Hya, men etter lokale protestar heldt ein fast på ”Hyen”-nemninga.

Rygg

fekk postopneri i 1890 med gardbrukar Mons P. Ryg som første styrar. Postkontoret vart lagt ned i 1989 og innordna under Sandane.

Vaatedalen

fekk postopneri på Egge i 1891 med hotellstyrar Gustav Kristian Kristiansen som første styrar. I 1917 vart adressa endra til Våtedalen. Postopneriet vart lagt ned i 1965 og innordna under Byrkjelo.

Våtedalen

– sjå Vaatedalen.

Heimsæter

i vestre Hyen fekk brevhus i 1900. Postadressa var Heimsæten. Brevhuset vart omgjort til postopneri i 1906. I 1921 vart adressa endra til Heimsæta. Postopneriet vart lagt ned i 1957 og omgjort til brevhus. Det igjen vart lagt ned i 1972 og innordna under Hyen.

Heimsæten

– sjå Heimsæter.

Heimsæta

– sjå Heimsæter.

Nygaard

var eit brevhus som vart skipa i 1906 i samband med postruta i austre Hyen. Brevhuset vart lagt ned i 1908.

I dette huset heldt postkontoret på Byrkjelo til ein del år, fram til 1974. Gjertrud Moldestad var poststyrar, medan mannen Håkon dreiv ein mindre konfeksjonsfabrikk i huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette huset heldt postkontoret på Byrkjelo til ein del år, fram til 1974. Gjertrud Moldestad var poststyrar, medan mannen Håkon dreiv ein mindre konfeksjonsfabrikk i huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Byrkjelo

fekk postopneri i 1907 med lærar Nils Bjørkelo som første styrar. Fram til 1921 var postadressa Bjørkelo. I 1921 vart det Byrkelo og i 1948 Byrkjelo. I 1973 vart det underpostkontor og i 1977 postkontor C.

Bjørkelo

– sjå Byrkjelo.

Byrkelo

– sjå Byrkjelo.

Hope i Hyen

fekk brevhus i 1912. Brevhuset vart lagt ned i 1959 og innordna under Hyen.

Eimhjellen fekk brevhus i 1912. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eimhjellen fekk brevhus i 1912. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eimhjellen

i vestre Hyen fekk brevhus i 1912. Adressa var Emhjellen fram til 1933 då det vart endra til Emhjella. Brevhuset vart lagt ned i 1972.

Emhjellen

– sjå Eimhjellen.

Emhjella

– sjå Eimhjellen.

Solheim

i vestre Hyen fekk brevhus i 1912. I 1933 vart adressa endra frå Solheim i Gloppen til Solheim i Hyen. Brevhuset vart lagt ned i 1974.

Solheim i Gloppen

– sjå Solheim.

Vereide hadde postkontor til 1991. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vereide hadde postkontor til 1991. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vereide

fekk brevhus i 1917. I 1949 vart det omgjort til postopneri med telefonstyrar Jon S. Vereide som første styrar. I 1973 fekk det status som underpostkontor, i 1977 som postkontor C, og det vart lagt ned i 1991.

Ommedal

i auste Hyen fekk brevhus i 1918. Det vart lagt ned i 1961.

Årdal i Breim

fekk brevhus i 1925. I 1933 vart namnet endra til Årdalsgrend. Brevhuset vart lagt ned i 1964 og innordna under postadressa Breim.

Årdalsgrend

– sjå Årdal i Breim.

Devik

ved Gloppefjorden fekk brevhus i 1936. Det heitte Devik i Gloppen fram til 1976 då poststempelet vart endra til Devik. Brevhuset vart lagt ned i 1982.

Røyrvikgrend

i vestre Hyen fekk brevhus i 1950. Det vart lagt ned i 1972 og innordna under Hyen.

Holme i Hyen hadde brevhus i 10 år. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Holme i Hyen hadde brevhus i 10 år. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fureholmen

(Holme) fekk brevhus i 1951. Brevhuset vart lagt ned i 1961 og innordna under Hyen.

Kandal

ved Breimsvatnet fekk brevhus i 1951. Det vart lagt ned i 1964 og innordna under Breim (Reed).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.01.2012