Hopp til innhold
X
Innhald

Preste-eple og fruktlager

Fruktdyrking har ovre ei viktig næring i delar av Gloppen, som her på Austrheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Peder Pavels var sokneprest i Gloppen 1801-1829, og er truleg den som lærte nordfjordingane moderne fruktdyrking.

Han hadde sjølv ein stor grønsakhage og frukthage ved prestegarden på Vereide, og meistra kunsten å pode frukttre. «Presteeplet» i Nordfjord er truleg oppkalla etter Pavels.

Planteskular leverte frukttre og bærplantar til dyrkarane. Ein av dei store i Nordfjord låg på Vereide, starta av Abraham Vereide i 1928. Frå 1956 har Gloppen Fruktpakkelager, seinare Gartnerhallen sitt anlegg på Austrheim teke imot frukt og grønsaker. Etter at Gartnerhallen trekte seg ut i 1996, har grønsakdyrkarane drive fryselageret sjølve.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 14.01.2011