Hopp til innhold
X
Innhald

Re

Rebakken var det viktigaste kommunikasjonssenteret i Gloppen frå Den Trondhjemske Postvei vart opna i 1795, og til Fylkesbaatane starta rutene sine til Sandane i 1871.

Frå 1715 var det gjestgjevar og handel på Rebakken, den første Kristen Reinholtson Vibdorf. Dette slektsnamnet kjenner vi att frå Gloppen. Likeså Wittrup-ane, som tok over på Re etter Vibdorf. Her var også skysstasjon (sjå elles «Samferdsle i Gloppen»).

Hotellkrigen

Lars Jacobson Reedbakken (1770-1858) fekk i 1817 løyve til å drive kro på Rebakken. Sonesonen Lars Johannesson Reed (1859–1934) bygde kring 1880 det første hotellet der – «Victory». Men den lærarutdanna broren Elias Reed (1863–1910) tok over hotelldrifta. Og då han bygde nytt i 1884, ville han finne nytt namn. Ein skotsk turist ymta frampå om «Gordon Hotell» – og slik vart det.

Sjå også: Overnattingsverksemder i Gloppen.

Omlag samstundes kom Jacob Neumann Hammer til Rebakken og bygde hotellet «Victoria». Hammer dreiv også hotell i Utvik og på Skei i Jølster. «Victoria» låg eit steinkast frå «Gordon Hotell», og til overmål kjøpte Hammer dampbåten «Victory» som frakta folk frå Årdal til Re over Breimsvatnet. Dermed var «hotellkrigen» i gang. Elias Reed svara med å kjøpe eigen dampbåt – «Gordon» - og dei to båtane kappast i å kapre turistar til hotella sine på Rebakken.

Etter få år gav Hammer opp hotellet på Rebakken. Huset vart i 1899 kjøpt og flytta til Sandane – no Øyravegen 7. Elias Reed selde sin båt til trafikk på Loenvatnet. (sjå Samferdsle i Stryn).

«Gordon Hotel» lever framleis i beste velgåande som «Gordon Gjestetun», drive av etterkomarane av dei som grunnla hotellet. Dei har også teke godt vare på det gamle interiøret i ”J.E. Johnsen Landhandel» (starta 1902) like ved.

Landhandlarar

På Rebakken slo det seg etterkvart til fleire landhandlarar og samvirkelag. I 1941 kom Nedre Breim Meieri, som tok imot mjølk både frå Breim, Innvik og Utvik (sjå meir om «Meieristrid og bygdespenningar»). Fram til det vart lagt ned på 1990-talet, produserte Nedre Breim Meieri den vidgjetne, runde geitosten sin. Bygningen har sidan husa ei bilforretning.

Nyskaping

Folket i Re-grenda har dei siste åra gjort mykje for å fornye og skape aktivitet i det gamle bygdesenteret – m.a. med bygging av nytt servicebygg. Det er også bygd bustader for eldre.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.02.2009