Hopp til innhold
X
Innhald

Reed Senter

Lokala etter Reed Senter vart overtekne av Eurofoto. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lokala etter Reed Senter vart overtekne av Eurofoto. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Reed Senter A/S var eit lite, lokalt handelssenter på Reed som vart starta i 1988. I dette nybygget fann ein forretningane Teina Mat, manufakturbutikken Mix & Match, målarforetninga Malerhjørnet, frisørsalsongen Hårek og Plaza Solarium.

Det var Sølvi Joranger som starta Teina Mat. Ho hadde saman med Atle Joranger og Nils Stensaker drive ein annan landhandel på Reed i fire år før ho satsa for seg sjølv. Teina Mat vart lagd ned i 2000, og Sølvi Joranger tok seg arbeid på samvirkelaget på Reed.

Anders A. Flølo stod bak målarbutikken Malerhjørnet som var i drift fram til midten av 1990-talet. Mix & Match vart driven av eigaren Gerd Larsen fram til 1999. Seinare overtok Eurofoto (sjå Reed Foto) heile det tidlegare Reed Senter.

I 2010 kjøpte Gloppen Invest AS med Dag Solheim som hovudaksjonær Reed Senter. Gloppen Invest AS leiger ut lokala til Reed Foto og Eurofoto.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.01.2011