Hopp til innhold
X
Innhald

Reed

Reed med fjellet Vora i bakgrunnen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Reed med fjellet Vora i bakgrunnen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Niels Bjørnsen Møller: Kirkested i Vestlandsfjord med motiv frå Reed mot Skjorta. Grev Wedels Plass Auksjoner." />

Reedbakken var det viktigaste kommunikasjonssenteret i Gloppen frå Den Trondhjemske Postvei vart opna i 1795, og til Fylkesbaatane starta rutene sine til Sandane i 1871. I 1889 opna vegen gjennom Våtedalen og sette Reedbakken endå meir til sides kommunikasjonsmessig.

Frå 1715 var det gjestgjevar og handel på Rebakken, den første Kristen Reinholtson Vibdorf. Dette slektsnamnet kjenner vi att frå Gloppen. Likeså Wittrup-ane, som tok over på Reed etter Vibdorf. Her var også skysstasjon (sjå elles «Samferdsle i Gloppen»).

Gordon Hotel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gordon Hotel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hotellkrig på Reed

Lars Jacobson Reedbakken (1770-1858) fekk i 1817 løyve til å drive kro på Rebakken. Sonesonen Lars Johannesson Reed (1859–1934) bygde kring 1880 det første hotellet der – «Victory». Men den lærarutdanna broren Elias Reed (1863–1910) tok over hotelldrifta. Og då han bygde nytt i 1884, ville han finne nytt namn. Ein skotsk turist ymta frampå om «Gordon Hotel» – og slik vart det.

Sjå også: Gordon Hotel under Industri og næring i Gloppen.

Om lag samstundes kom Jacob Neumann Hammer til Reedbakken og bygde hotellet «Victoria». Hammer dreiv også hotell i Utvik og på Skei i Jølster. «Victoria» låg eit steinkast frå «Gordon Hotell», og til overmål kjøpte Hammer dampbåten «Victory» som frakta folk frå Årdal til Reed over Breimsvatnet. Dermed var «hotellkrigen» i gang. Elias Reed svara med å kjøpe eigen dampbåt – «Gordon» - og dei to båtane kappast i å kapre turistar til hotella sine på Reedbakken.

Reed i 1955. Flyfoto frå Johan Ottesens arkiv.

Reed i 1955. Flyfoto frå Johan Ottesens arkiv.

Etter få år gav Hammer opp hotellet på Reedbakken. Huset vart i 1899 kjøpt og flytta til Sandane – no Øyravegen 7. Elias Reed selde sin båt til trafikk på Loenvatnet. (sjå Samferdsle i Stryn). «Gordon Hotel» lever framleis i beste velgåande med nye eigarar. Dei har også teke godt vare på det gamle interiøret i ”J.E. Johnsen Landhandel» (starta 1902) like ved.

Nedre Breim Meieri.

Nedre Breim Meieri.

Den runde geitosten

På Reed slo det seg etter kvart til fleire landhandlarar og samvirkelag. I 1941 kom Nedre Breim Meieri, som tok imot mjølk både frå Breim, Innvik og Utvik (sjå meir om «Meieristrid og bygdespenningar»). Fram til det vart lagt ned på 1990-talet, produserte Nedre Breim Meieri den vidgjetne, runde geitosten sin. Bygningen har sidan husa ei bilforretning.

Nyskaping

Folket i Reed-grenda har dei siste åra gjort mykje for å fornye og skape aktivitet i det gamle bygdesenteret – m. a. med bygging av eit nytt servicebygg, Reed Senter, i 1988. Her var det m.a. plass til Teina Mat, eit par andre spesialforretningar og frisør. No er Teina Mat avvikla og bygget overteke av den sukssesrike fotoforretninga Eurofoto. Rekroa kom i 1987, og like vest for sentrum er også bygd bustader for eldre. På nedsida av europavegen ligg Rebakken Hagesenter.

Teina barnehage på Reed. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Teina barnehage på Reed. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2011