Reiel Nybø

Reiel Nybø. Foto utlånt av familien.
Reiel Nybø (1869–1938). Prest og idrettsorganisator. Res. kapellan i Gloppen, og seinare sokneprest i Selje, prost i Nordfjord 1925-1936.
I tida 1899-1903 dreiv han privat middelskule i Gloppen (sjå Skular i Gloppen). Han var vernepliktig løytnant, og gjorde teneste som offiser på Nordfjordeid frå 1893. Her vart han kjend med dei militære idrettsleikane som vart skipa til der.
Nordfjord Idrætsforbund
Nybø gjorde opptaket til skiping av Nordfjord Idrætsforbund i 1900. Dette var ein paraplyorganisasjon for idrettslaga i fjorden, og arrangerte dei første åra skistemne om vinteren og friidrettsstemne kvar haust.
Far til Sverre Nybø (sjå denne under Kjende personar i Selje).
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 12.01.2011