Hopp til innhold
X
Innhald

Ryggøyra

Ryggøyra ca. 1910.

Ryggøyra ca. 1910.

Det vart Ryggøyra som skulle utvikle seg som eit lite bygdesenter for grendene på sørsida av Gloppefjorden då rutebåtane fekk stoppestad der.

Skjenkestove

På Ryggøyra står det ein gamal steinkross på ein haug som tidlegare kan ha vore ein gravhaug. Krossen er ein såkalla «kelterkross», og kan vere reist på haugen alt før Noreg vart kristna kring 1000-talet. Men kyrkja for sørsida har heile tida lege på Gimmestad litt lengre aust.

Skjenkestove

Frå gamalt har det vore handelsstad på Ryggøyra, der det midt på 1700-talet også var ølutsal. Ryggøyra utvikla seg kring år 1900 til å bli bygdesenteret på Sørstranda: Dette hadde samanheng med at dampskipsekspedisjonen kom i 1888. I 1889 fekk staden postopneri. Det var lenge det nest største postdistriktet i Gloppen, med over 500 menneske. Før kaia kom i 1920, nytta ein såkalla «storebåt» ut til dampen. Ekspedisjonen vart lagt ned i 1972. På Ryggøyra vart det bygd både ungdomshus, losjehus og bedehus.

Sørstranda sett frå Vereide. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sørstranda sett frå Vereide. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Handel med blåbær

Det etablerte seg fleire handelsmenn: Den første som kom var Johan Lothe kring 1900. «Lossbutikken» tok imot smør, og ikkje minst mykje blåbær, som vart sendt vidare til Bergen og England . På same vis som i Markane og Hornindal (sjå Stryn kommune og «Bærplukking i Hornindal»), var plukking av villbær ei viktig attåtinntekt for gardbrukarane frå kring 1900 og fram til 1960-talet. Butikken vart driven til 1974. Dette var siste butikken på Sørstranda.

Buss og drosje

I 1904 kom «Knute-Ola»-butikken (sjå Ola Nilsson Rygg), som dreiv til 1945. Alf og Bjarne Rygg, som hadde starta Gloppen Kloggfabrikk på Ryggøyra i 1932, tok ei tid over og dreiv butikken til 1964. Kloggfabrikken gjekk til slutten av 1950-talet, og sidan dreiv Rygg-brørne med leigesaging.

Buss og drosje

Johan Rygg dreiv i mange år eigne bussruter på Sørstranda. Han hadde også drosje. Firda Billag overtok dei to bussane og rutedrifta i 1972.

Fiskeoppdrett

I 1985 bygde Rødeggen Settefisk stort smoltoppdrett ved Ryggelva, som renn ut på Ryggøyra. Anlegget er no eigd av Hyen Laks.

Brua på fylkesveg 615 vart bygd i 1931, etter at den gamle steinkvelvingsbrua datt saman. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Brua på fylkesveg 615 vart bygd i 1931, etter at den gamle steinkvelvingsbrua datt saman. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 13.01.2011